Felles ekteskapslov

For nokre dagar sidan skreiv eg eit innlegg om bruken av omgrepet ‘naturleg’ i homofilidebatten. Det har skapt ein stor debatt. Eg skal ikkje diskutere naturomgrepet i denne artikkelen, men eg vil her sjå litt på den nye ekteskapslova ut frå eit juridisk standpunkt.

Den fyrste kommentaren til innlegget mitt om naturomgrepet var skrive av Joakim, som eg trur er homofil etter ordlyden i kommentaren hans. Eg tok meg ein tur innom bloggen hans, og kom så over ei rekke innlegg om homofili. Nokre av desse innlegga vil stå som utgangspunkt for denne artikkelen.

I eit ‘ope brev’ til biskop Kvarme skriv Joakim: “Hvorfor kan ikke to mennesker som elsker hverandre få lov til å gifte seg, uten at tankeløse og fordomsfulle mennesker som deg skal ødelegge.” Og vidare, i eit innlegg om felles ekteskapslov, skriv han at “LHH mener det er de som vil nekte enkeltmennesker grunnleggende rettigheter som må begynne å argumentere saklig for hvorfor noen skal nektes det alle andre har krav på.” Og vidare siterer han: “Retten til å inngå ekteskap er en menneskerett (se f. eks artikkel 12 i Europa konvensjonen om menneskerettighetene).”

Men kva vil det seie at folk skal ha rett til å gifta seg? Betyr det at staten skal stå for dette? Står det at staten skal tilby ekteskap eller står det at folk har rett til å gifta seg? (Det er ein stor forskjell mellom desse to.) Og vidare, i den 12. artikkelen i den europeiske menneskerettskonvensjonen står det:

Men and women of marriageable age have the right to marry and to found a family, according to the national laws governing the exercise of this right. [Mi utheving]

Før eg går tilbake til statens ansvar, vil eg kort nemne nokre ting om det kristne synet på ekteskapet. I tradisjonell kristen forståing er ekteskapet ein institusjon som er gitt av Gud, slik at det er ei ramme, både praktis og religiøs/åndeleg, rundt samlivet til mann og kvinne — og rundt familien. Samlivet mellom mann og kvinne er av ein heilt annan natur enn andre samliv, fordi det skapar liv. “Ver fruktbare og bli mange” er ein av grunnpilarane i denne ekteskapsforståinga. (1Mos 1:28)[1] Men tilbake til staten.

Kva er poenget med den borgarlege ekteskapsordninga? Kva er grunnlaget for den? Kva er grunnen til at staten gjev menn og kvinner retten til å gifta seg? Det blir feil å seie ‘den kristne trua,’ då ekteskapet finst i alle samfunnslag over heile jorda. Og vår kulturarv er jo ikkje berre kristen/jødisk, men også ‘heidensk.’ (I den sistnemnde kulturen var ikkje homofili uvanleg.)

Grunnlaget for at staten skapar ei ramme rundt ekteskapet handlar jo nettopp om at denne ordinga er med på å halda samfunnet oppe. Ein set ei juridisk ramme rundt familien, slik at ein kan verna framtidige borgarar. (Det er jo nettopp dette samlivet, mellom mann og kvinne, som skapar desse framtidige borgarane.)[2] Og kvifor ikkje sitere FN sin universelle menneskerettskonvensjon når vi fyrst er i gang? Der står det, i artikkel 16 (mi utheving):

(1) Men and women of full age, without any limitation due to race, nationality or religion, have the right to marry and to found a family. They are entitled to equal rights as to marriage, during marriage and at its dissolution.

(2) Marriage shall be entered into only with the free and full consent of the intending spouses.

(3) The family is the natural and fundamental group unit of society and is entitled to protection by society and the State.

Kvifor har dei krav på å (retts-)vern frå samfunnet? Jo, fordi dette samlivet vernar framtidige borgarar. Familien er “the natural and fundamental group unit of society” fordi det er gjennom den at mennesket faktisk vert borgarar. Utan eit slikt samliv vert det ingen borgarar, med mindre ein kan byrja å dyrka born. Og staten har slike ekteskap fordi ein tener på det. (Staten treng desse framtidige borgarane.) Det er ein menneskerett å gifta seg i myndig alder, men det er ingen menneskerett at staten skal ha noko med det å gjere. Poenget er at staten tener på å skape slike rammer rundt sine framtidige borgarar. Men det har absolutt ingenting med kjærleikslivet å gjere — verken for heterofile eller homofile.

Staten skal ikkje regulere folk sitt kjærleiksliv, med mindre det er snakk om overgrep. Difor er den nye ekteskapslova meiningslaus frå eit reint juridisk synspunkt. At staten no godkjenner at homofile kan leve saman kunne ein fint klart med partnarskapslova, sjølv om den også er litt spesiell. (Staten tener ikkje noko meir eller mindre på den.)

Det store spørsmålet er sjølvsagt kva staten tener på det homofile samlivet. Kvifor skal staten regulere kjærleiken mellom vaksne personar? Og kvifor krev folk at staten skal regulere det?

Noter:

[1] Litt på sida må eg innrømme at eg ikkje skjøner kvifor homofile ynskjer å gifte seg i ein institusjon som har som grunnlag noko som står i sterk kontrast til det dei sjølv meiner. Kva er grunnen til dette? Det gjev absolutt ingen meining.

[2] Enkelte vil kanskje dra fram at homofile par no kan adoptere, og difor skape ei ramme rundt framtidige borgarar. Ja, i teorien kan dei kanskje det. Men kan nokon vise meg kor mange homofile par som faktisk har fått adoptere?


Tagget med: , ,

Kommentarer

  • Rudie sa:

    Enkelte homofile virker så utilfredse, og så virker det som at de har et behov å gi skylden over til noen andre, og leter opp noen som går imot deres standpunkt. Da er kristne en bra skytetavle som mener at homofili går imot naturens lover, og at Gud skapte oss til mann og kvinne og at det er i et slikt forhold naturen forøkes.
    Det hjelper nok litt å straffe kristne, men tilfredsheten blir alltid kortvarig.

    Men det gjelder ikke bare homofile, men ateister osv. Utilfredse folk som stirder imot naturlovene som Gud har satt, men som istedet for å høre på Gud skylder på andre for sin utilfredshets skyld.

  • Trist sa:

    >Men det gjelder ikke bare homofile, men ateister osv.

    Tenker du at heller ikke ateister bør få gifte seg?

Trackbacks

Ingen trackbacks