Filosofien, mysteriet og kristentrua
Før eg skriv dette vil eg påpeike at eg ikkje er medlem av Den katolske kyrkja (DKK). Så dette er ikkje noko forsvar av den i og for seg. Det er heller eit oppgjer med ein protestantisk anti-intellektualisme.
Mange påstår at læra til DKK, spesielt nattverdslæra, er ‘tørr’ og ‘intellektualistisk.’ (Eg må innrømme at eg ikkje liker at ‘intellektualistisk’ vert brukt negativt.) Men eg er ueinig. Ein bruker ikkje filosofien for å uttømme — eller fjerne — det mystiske, men for å beskytte det.
Vi ser dette spesielt i truvedkjenningane. Der får vi ikkje eit uttømmande bilete av Kristus, men vi får hjelp — via filosofiske omgrep — til å avgrense oss imot kjetteri. Og ironisk nok er det ikkje ortodoksien, men kjetteriet, som er einsidig. Nestorianismen og monofysittismen er begge reduksjonistiske. Og det same kan vi seie om mange nattverdssyn. Den kalvinistiske læra om nattverden, t.d., seier at sjølv om Kristus sa at “Dette er min lekam” og “Dette er mitt blod” så er det eigentleg berre eit ‘symbol.’ Ein snakkar om at nattverden er ‘åndeleg.’ (Kva no det enn betyr.)
Vi finn slike tendensar også innan luthersk teologi, spesielt i nattverdsteologien til Martin Chemnitz. Bjarne Wollan Teigen skriv:
What is significant about the analysis of Chemnitz of the Sacrament of the Eucharist in the Examination is the precise line he draws between the Lutherans and the Romanists. He does not think it is necessary that in debating with them the “whole treatment of the controversy [i.e., the Real Presence] should be repeated here. . . . I am one in confession with those churches which differ from the Sacramentarians” (Ex 2, 223). Yet he devotes about twenty pages to the rejection of transubstantiation. Both he and the Romanists agree that the bread and cup become sacramental by a certain consecration (Ex 2, 225), but he disagrees with them when they “patch human traditions into the Word of God” as in the Canon of the Mass (Ex 2, 230). And when he comes to examine “the cult and veneration to be shown this most holy sacrament, “he is willing to say that” a number of things are not in controversy; these I willingly concede” (Ex 2, 277). And yet there are several points on which he must disagree with them (Ex 2, 279). The common-sense clear writing of Chemnitz is a healthy antidote against the excesses of some simplistic high-church liturgically minded as well as against the excesses of the anti-liturgically minded.[1]
Problemet eg har med dette, er todelt. For det fyrste gjev det ikkje noko meining å fyrst seie at det skjer noko gjennom konsekrasjon (“…the bread and cup become sacramental by a certain consecration…”) og samstundes påstå at ingenting skjer. Klassisk kristen nattverdslæra, som går bak til kyrkjefedrane, handlar ikkje om at mysteriet skal uttømmast, men at ein skal finne ei ramme for den, for slik å beskytte frå kjetteri. På same måte som det er med lære om treeininga og inkarnasjonen.
Chemnitz skriv at katolikkane “patch human traditions into the Word of God.” Ja, og det same skjedde i år 325 når kyrkja stadfesta at Kristus er vesensett med Faderen. Her brukte eit platonsk omgrep for å ‘forklare’ Kristi natur. Kvifor forkastar ikkje Chemnitz dette også? Er Platon guddomleg, kanskje?
Poenget mitt er at filosofien, dersom den blir brukt rett, ikkje står i motsetnad til teologien, men faktisk bygger opp under den. Som ein av kyrkjefedrane skal ha sagt det: “All sanning er Guds sanning.”
Noter:
[1] Bjarne Wollan Teigen, The Lord’s Supper in the Theology of Martin Chemnitz. Electronic edition. Brewster, Mass.: Trinity Lutheran Press, 1986, s. 4 (Lenke til pdf-fil)