Frelse og fortaping

I ein kronikk i Dagbladet 30. januar i år (2008) spurde Terje Østigård og Hans Egil Offerdal om Gud er ein ‘kjempe-Hitler.’[1] Dei skriv mellom anna at det berre er “tolv referanser til gehenna/helvete i Det nye testamente.” Kva dette har med sanninga bak dogmet veit eg ikkje, men dette argumentet pleier å dukke opp når ein har gått tom for andre. Men eg vil sjå på ein annan kommentar, og la den vere eit utgangspunkt for teksten min. (Eg skal ikkje konsentrere meg om deira syn på helvete her, men vil heller ta for meg mine eigne tankar om emnet.) Dei skriv:

Hvis helvete var så sentralt og fortjener den plass det har fått i kristen tradisjon, skulle man forvente at det hadde en mer fremtredende plass i Bibelen. Brorparten av forestillinger om helvete kommer derfor ikke fra Bibelen, men er senere kulturelle fortolkninger som kristendommen vanskelig klarer å fri seg fra, inkludert ulike oppfatninger av helvetets eksistens.

Det fyrste eg vil påpeike er at Bibelen er svært klar på at dette livet har to utgongar — frelse eller fortaping. Vi kan t.d. lese om dette i Salme 1:

Sæl er den som ikkje fylgjer råd frå gudlause menneske og ikkje slår inn på syndarveg eller sit i lag med spottarar, men har si glede i Herrens lov og grundar på hans lov dag og natt. Han er lik eit tre, planta ved rennande bekker: Det gjev si frukt i rette tid, og lauvet visnar ikkje på det. Alt det han gjer, skal lukkast.

Så er det ikkje med dei gudlause. Dei er lik agner som spreiest for vinden. Difor skal ingen gudlaus stå seg når domen fell, og ingen syndar vera med der dei rettferdige samlast. For Herren kjenner vegen åt dei rettferdige, men vegen åt dei gudlause fører til undergang.

Den kristne læra er ganske klar på dette: Anten vil du verta frelst eller som vil du gå fortapt. Men problemet er at mange ser på frelsa eller fortapinga som ei direkte løn eller straff frå Gud. Dette er ikkje galt i og for seg, men det kan føre galt avstad.

Bibelen snakkar klart om ‘løn’ og ‘straff,’[2] men kva betyr det? Mange ser for seg ein lunefull, grusom Gud som gjev løn til dei han vil — og straff til dei andre. Men slik eg ser det, så handlar ‘løna’ og ‘straffa’ ikkje om ein direkte ting frå Gud — sjølv om Han er kjelda for alt her i livet — men om ei direkte konsekvens av kven vi er.

I klassisk ortodoks teologi (liten o) handlar frelsa om at vi vert endra innvendig. Gud endrar oss. Slik ser eg at himmelen er for dei som er ‘himmelske,’ dvs. dei som er i harmoni med omverda og Den andre. I helvete finn vi dei ‘infernalske’ (beste ordet eg kom på for engelske ‘hellish’), dvs. dei som er i disharmoni. (Kven desse er, veit vi ikkje.)

Det handlar ikkje om ei ‘moralsk bokføring,’ der Gud ser på gjerningane dine og veg dei opp mot kvarandre. Nei, eg ser heller på frelse og fortaping som fullendinga av livet. Peter Kreeft skriv:

Suppose the bliss is not a reward tacked onto a good life, like a grade tacked onto a school course, but the good life itself in its consummation. And suppose the punsihment is also not external and tacked on but internal: the consummation of the evil itself.[3]

Enkelte ville nok sagt at dette ikkje er bibelsk, då Bibelen talar om gater av gull på den eine sida, og flammar, svovel og smerte på den andre. Men her trur eg Kreeft seier det best:

Their existence has to be taken literally, just as God’s existence does. But their nature can only be grasped by symbols, just as God’s nature can only be grasped by symbols.[4]

Eg vil seie at frelse eller fortapinga då handlar om kven vi er, ikkje nødvendigvis om kva vi ender opp. Ludwig Wittgenstein seier nokre interessante ord om bruken av løn og straff i etikken, og eg trur dei stemmer for frelsa og fortapinga også: “Det må vere ein form for etisk løn og etisk straff, men dette må ligge i sjølve handlinga.”[5] (Her er det på sin plass å nemne at Aristoteles såg på etiske handlingar som handlingar med egenverdi, og ikkje berre som middel mot eit mål.)

Dette er det klassiske synet på fortapinga. Enkelte vil kanskje seie at dette høyrest moderne ut, og at det berre er fint prat, men her vil eg igjen sitere Kreeft:

If you knew the writings of the saints and mystics, you would know that my interpretation is quite traditional. You modernists tend to dismiss tradition without much of a hearing for it, you know.”[6]

Poenget er at frelse og fortaping ikkje handlar om ein grusom Gud som liker å torturere folk, men om ein kjærleg Gud som lar dei som ynskjer det vere overlate til seg sjølv. Eg trur C.S. Lewis seier det best:

People often think of Christian morality as a kind of bargain in which God says, ‘If you keep a lot of rules I’ll reward you, and if you don’t I’ll do the other thing.’ I do not think that is the best way of looking at it. I would much rather say that every time you make a choice you are turning the central part of you, the part of you that chooses, into something a little different from what it was before. And taking your life as a whole, with all your innumerable choices, all your life long you are slowly turning this central thing either into a heavenly creature or into a hellish creature: either into a creature that is in harmony with God, and with other creatures, and with itself, or else into one that is in a state of war and hatred with God, and with its fellow-creatures, and with itself. To be the one kind of creature is heaven: that is, it is joy and peace and knowledge and power. To be the other means madness, horror, idiocy, rage, impotence, and eternal loneliness. Each of us at each moment is progressing to the one state or the other.[7]

Noter:

[1] Terje Østigård & Hans Egil Offerdal, “Er Gud en kjempe-Hitler?” Dagbladet.no, 30.01.2008. 08.10.2008

[2] Sjå mellom anna Ord 11:18, 22:4, Luk 6:22-23, Joh 4:36, Rom 6:23, Op 22:12, etc.

[3] Peter Kreeft, Between Heaven and Hell: A Dialog Somewhere Beyond Death wtih John F. Kennedy, C.S. Lewis & Aldous Huxley. Downers Grove, Illinois: InterVarsity Press, 1982, s. 19-20

[4] Ibid., s. 20

[5] Ludwig Wittgenstein, Tractatus Logico-Philosophicus. German text with an English translation en regard by C.K. Ogden. With an introduction by Bertrand Russell. London: Routledge 1922, s. 182.184. På tysk står det: “Es muss zwar eine Art von ethischem Lohn und ethischer Strafe geben, aber diese müssen in der Handlung selbst liegen.”

[6] Peter Kreeft, Between Heaven and Hell, op.cit, s. 20

[7] C.S. Lewis, Mere Christianity. London: HarperCollins 2001, s. 92


Tagget med: , , ,

Kommentarer

Trackbacks

Ingen trackbacks