Gudsbilete og menneskesyn i liturgien

For ei tid tilbake var eg på eit foredrag i Bjørgvin Kirkeakademi med Dag Øivind Østereng. Eg har skrive litt om dette frå før, men vil — med utgangspunkt i foredraget hans som står på trykk i Lære og liv 2/2008 — sjå litt på kva syn vi får av trua gjennom liturgien.[1]

“Lex orandi, lex credendi.” Slik går det gamle kristne ordtaket som laust omsett frå latin tyder; “Bøna si lov er trua si lov.” Det betyr at bøna, den kristne aktiviteten, ikkje skal vere ureflektert og ‘fri,’ men vere forankra i ein gjennomtenkt teologi. Og at trua, teologien, skal vere aktiv, ikkje passiv. Vi ser det også i eit gamalt ordtak som har sitt opphav i urkyrkja eller oldkyrkja: “Ein teolog ber. Ein som ber er teolog.” Biskopen av Diokleia, Kallistos Ware (han er austleg-ortodoks) seier det best:

One of the most ancient names for Christianity is simply “the Way”. “About that time”, it is said in the Acts of the Apostles, “there rose no little stir concerning the Way” (19:23); Felix, the Roman governor of Caesarea, had “a rather accurate knowledge of the Way” (24:22). It is a name that emphasizes the practical character of the Christian faith. Christianity is more than a theory about the universe, more than teachings written down on paper; it is a path along which we journey—in the deepest and richest sense, the way of life.[2]

Vi er altså kalla til å leva som kristne. Men dette er ikkje noko motsetning til det å læra som kristne. Vi er kalla, seier Kristus, til å elska Gud med heile oss. I ei gudsteneste eg var på ein søndag, sa presten under preika at det ikkje skal vere noko skilje for oss kristne mellom vårt ‘heilage liv’ som kristne og vårt ‘sekulære liv’ som vanglege borgarar. Nei, Gud høyrer til i heile vårt liv, ikkje berre i gudstenesta, i bibelstudiet eller på sengekanten.

Ein interessant ting å tenke på i denne samanhengen er uttrykket ‘ortodoks.’ Dette vert ofte definert som sann lære. Ei meir korrekt attgjeving av ordet, som ikkje står imotsetnad til den fyrste definisjonen, men som utfyller den, er sann tilbeding. Den franske austleg-ortodokse forfattaren Olivier Clément meiner at det sentrale i kristendommen er det treeine gudssyn. “Det er helt sentralt for Clément,” skriv Erling Rimehaug, “at treenigheten — eller teologien overhodet — ikke først og fremst er en teoretisk lære vi skal forholde oss intellektuelt til. Det er noe vi nærmer oss i tilbedelse.” Vi lærer Gud å kjenne i liturgien, i vårt forhold til han.

Og det er viktig å vita at den Gud vi tilber, er treeinig — tre personar i eitt vesen. Clément skriv (ifylgje Rimehaug) at “det guddommelige vesen, guddommen, «Gud», finnes utelukkende i personene.” Rimehaug kommenterer det og slår fast at det “er ikke mulig å erstatte personene med prinsipper eller egenskaper uten å endre hele guddommens vesen. For Gud er først og fremst en relasjon mellom personer.” Clément poengterer at ein ikkje skal “tenke om treenigheten, men i den.” Han tar også for seg at vi er skapt i den treeinige Guds bilete:

Det man kan kalle «treenighets-mennesket» er ikke det vesterlandske samfunnets isolerte individ. Det er heller ikke det ansiktsløse mennesket som suges opp av totalitære ideologier, orientalsk mystikk eller sekterisme. Det er og må være en person som lever i en relasjon, i et fellesskap. Og overgangen fra det guddommelige fellesskapet til det menneskelige skjer i Kristus.

Og dette er svært viktig å ta med seg. Eit sant gudsbilde er ein føresetnad for sann tilbeding, og difor må liturgien vera teologisk gjennomtenkt, ein tanke som har vore gjenstand for diskusjon den siste tida. Eit godt døme på den overintellektualiseringa og negasjonen av liturgiens indre verdi finn vi i dei forskjellige teologiske ‘sprella’ til Gygrid Gunnes, som døypte to born i “Gud – Skaperens, Jesus Kristus – Frigjørerens og Den hellige ånd – Livgiverens navn.” I eit innlegg i Vårt Land (17.03.08 ) gjekk ho endå klarare ut, og sa: “På mine gudstjenester i Hamar Domkirke kommer det heretter kun til å døpes “I Skaperens og Befrierens og Livgiverens navn”. Dette kommer til å være gyldige og sanne dåp, gjort i den bibelske Guds navn.” (s. 25) Denne, i fylgje ho, ‘bibelske Gud,’ er visst svært snever. Han skapar, gjer ss fri og gjer oss levande. Akkurat slik som far og/eller mor berre er regningsbetalaren, kokken og klesvaskaren. Eller…?

Eg skal sjå litt på teologien til Gunnes. (Dersom ho har reflektert over det.) Men fyrst ein kort kommentar til handlingane hennar i Hamar domkirke. Den ‘dåpen’ ho utførte vart gjort i sterk kontrast til den kyrkja ho er ein del av. Ho opererer som eit ‘isolert individ,’ ein person som handlar slik ho sjølv vil. Ho har klart brote sitt ordinasjonsløfte, og handlar som om kyrkja er hennar eigen, private boltreplass. Vel, la oss ta ein titt på dei to formlane ho viste til, fyrst den ho brukte i Hamar domirke, deretter den ho bruker i avisinnlegget sitt.

Den fyrste formelen, den som Gunnes brukte i Hamar domkirke, er litt modalistisk (meir om dette nedanfor), men den er i bunn og grunn ariansk. Arianismen har sitt navn etter den aleksandrinske presbyteren Arius som hevda at Sonen og Heilaganden berre var/er skapningar. Dei var riktignok heva over andre skapningar, ein slags ‘mellomting’ mellom Gud og verda, men dei var skapningar likefullt. Arianismen vart stempla som kjetteri på Konsilet i Nikea i 325 som blir rekna som ein del av grunnlaget for dei fleste kristne kyrkjesamfunn, både katolske, ortodokse, lutherske, anglikanske, etc. Her slår ein fast at Kristus er “Guds einborne Son, fødd av Faderen før alle tider, Gud av Gud, ljos av ljos, sann Gud av sann Gud, fødd, ikkje skapt, av same vesen som Faderen.” Dersom Gunnes vil gå tilbake til dette kjetteriet no, så skal ho få lov til det. Men då må ho fyrst slutta som prest i Den norske kyrkja.

Den andre formelen, som ho nemnte i lesarinnlegget, lukter det modalisme av lang veg. Modalismen seier at Faderen, Sonen og Heilaganden berre er ‘måtar’ som Gud har operert med oppetter historia. For å dra ei sammenlikning, så kan vi seie at kong Harald er far (til Märtha Louise og Haakon Magnus), son (til kong Olav) og regent (for det norske folk). Eit slikt gudsbilete er rasjonelt i og for seg. Men i møte med Bibelen, særleg Det nye testamente, dette det saman. I Luk 3:21f, Jesu dåp, møter vi alle tre — Fader, Son og Heilag Ande — og dei opererer samstundes, og kommuniserer seg imellom.

Alt folket lét seg no døypa, og Jesus vart òg døypt. Medan han bad, opna himmelen seg, og Den heilage ande dala ned over han i skapnad av ei due. Og det kom ei røyst frå himmelen: “Du er Son min, som eg elskar, i deg har eg mi glede.”[3]

Modalismen står i sterk kontrast til treeiningsdogmet, og vart difor forkasta av kyrkja på 200-talet, og skal ikkje innførast igjen. Kyrkja er som kjent “søyle og grunnvoll for sanninga.” (1Tim 3:15) Dersom Gunnes ynskjer å innføra modalismen på nytt, så kan ho starta eit nytt kyrkjesamfunn. Tor Dag Kjosavik skriv nokre tankar i Vårt Land (02.04.08 ) som også set ord på nokre av mine tankar:

Det Gunnes har gjort, ved å lage sin private dåpsliturgi og ikke å følge vår kirkes ordning for dåp, er et klart brudd på det løftet hun gav ved ordinasjonen. Dermed har hun diskvalifisert seg selv som prest. Eller var bare ordinasjonsløftet et narrespill som ikke skulle tas på alvor? Jeg har ingen myndighet til å avsette Gunnes fra prestetjenesten, men ingen kan hindre meg i å miste all respekt for henne. Det er uendelig trist å være vitne til denne mangelen på lojalitet mot den kirken hun skal tjene i.

Noter:

[1] Dette er ein revisjon og ei utviding av det eg allereie har skrive om Gygrid Gunnes og gudsbilete i teologien på ein annan blogg.

[2] Kallistos Ware, The Orthodox Way. Revised edition, 1995. SVS Press, s. 7-8

[3] Dersom ingenting anna vert sagt, så bruker eg Det norske bibelselskap sine omsetjingar av 1978/85 (GT), 1988 (Dei deuterokanoniske bøekene) og 2005 (NT).


Tagget med: , , , ,