Karakter og handling

Aristoteles skal ha sagt at det vi må lære å gjera, det lærer vi gjennom å gjera det. Ein vert altså ein etisk person ved å handla etisk. I Den Nikomakiske etikk skriv Aristoteles at ved “å gjera rettferdige gjerningar vert vi sjølv gjort rettferdige.”[1] Aristoteles vart viktig i den kristne mellomalderfilosofien, fordi han på ein god måte klarte å kombinere eit klart fokus på haldningar og karakter, samstundes som han kunne fokusere på handlingane i seg sjølv. Dette var Luther svært kritisk til. Ivar Asheim skriv:

Mot denne tilknytningen til Aristoteles retter Martin Luther en nådeløs kritikk. Ingen modifikasjoner (de var mer eller mindre dyptgående blant de førende mellomalderske teologene) kan ifølge Luther redde den fundamentale skjevheten i selve ansatsen; ansatsen må oppgis. For det forholder seg nettopp ikke slik at vi blir rettferdige ved å handle rettferdig, heller ikke ved handlinger med nådens hjelp. Forholdet er nøyaktig motsatt: Forutsetningen for å gjøre rettferdige gjerninger er at vi først er blitt gjort rettferdige selv. Bare et godt tre kan bære gode frukter (Matt 7:17).[2]

Men eg trur Luther misforstod skolastikarane. Han sa på sine eldre dagar at han som ung var ein okkamist, og han kjente ikkje noko spesielt godt til Aquinas.[3] Olav Müller poengterer at Luther sin kunnskap om skolastisk filosofi stort sett avgrensa seg til Duns Scotus sin voluntarisme og Ockham sin nominalisme. Han held fram med å seie at det er “denne filosofiske og teologiske skoleretning han uavbrutt har for øye” når han “senere som reformator skjeller ut skolastikken.”[4] Og her ligg problemet. Luther kritiserer noko han ikkje har spesiell kjennskap til. Av den grunn trur eg Luther sin kritikk bommar på to klare område. For det fyrste, så er det ikkje noko i vegen med Aristoteles sin dygdsetikk på eit reint naturleg, mellommenneskeleg plan. Denne etikken hentar impulsar frå Sokrates og Platon, men er samtundes kritisk til dei. (Han er mykje meir praktisk enn desse.) På dette planet har vi fire ‘kardinaldygder,’ fire dygder som på kvar sin måte er med å forma mennesket på best mogeleg måte. Desse er (1) visdom/klokskap, som formar intellektet/fornufta, (2) mannsmotet, som formar viljen/handlingssenteret, (3) måtehaldet, som formar instink, drifter og lidskapane, og (4) rettferda, som skapar harmoni mellom desse. På eit reint (mellom-)menneskeleg plan.

Asheim skriv at Luther eigentleg ikkje er imot Aristoteles sin etikk i seg sjølv, men den skolastiske bruken av den. “I sin rette sammanheng,” skriv Asheim, “for eksempel innen samfunnsfilosofi, mente han det saktens kunne være verdifulle ting å finne hos Aristoteles også, men når man trakk ham over i teologien, måtte alt bli galt. Luther vil ha Aristoteles ut av teologien fordi de aristoteliske tankemønstrene etter hans mening ikke var egnet til klargjøring av det som var blitt etikkens sentrale problem etter den fordypning av identitetsproblematikken som hadde foregått fra nytestamentlig tid av. Det selvransakende spørsmål “hvem er jeg egenlig? er jeg rettferdig?” må besvares ut fra en annen antropologi og virkelighetsforståelse enn den aristoteliske.”[5]

Her ligg den andre feilen. Det er korrekt at Aristoteles sin etikk er antroposentrisk, at den set mennesket i hovudsetet, men det er ikkje sant at den kristne bruken av Aristoteles må hamne på same plass. Den thomistiske filosofien, mellom anna, er klart teosentrisk, den set Gud i hovudsetet. Luther prøver å skape ein ‘ny dygdsetikk,’ basert på NT. Men han er ikkje den fyrste. Aquinas meinte ikkje at det menneskeleg arbeid var nok i seg sjølv, og at mennesket kunne ‘realisere seg sjølv’ utelukkande ved dei menneskelege (kardinal-)dygdene. Nei, for å realisere seg sjølv måtte mennesket, ved Guds nåde, få del i dei guddomlege dygdene: tru, håp og kjærleik. (jmf. 1Kor 13:13) Spørsmålet er sjølvsagt: Er dette dygder? Ja, det vil eg seie at dei er. For dygd handlar om kva karakter ein har, korleis ein er.

Asheim skriv at Luther meinte at dei nytestamentlege dygdene ikkje har “som funksjon å bidra til gradvis oppbygging av en moralsk personlighet, men går ut på å leve ut det liv som Ånden gir (Gal 5:22-25).”[6] Her må eg seie meg djupt ueinig med Luther. (Dersom Asheim sin kommentar stemmer.) For eg trur ikkje berre at gjerningane er noko vi lever, vi vert verkeleg transformerte i Anden. Luther siterte sjølv Matt 7:17.

I Hebr 5 les vi at enkelte kristne er på ein barnestadium og treng det grunnleggjande, som borna. “For den som lever av mjølk,” står det, “er eit spedbarn og skjønar seg ikkje på bodskapen om rettferd.” (Hebr 5:13)[7] Men så held forfattaren fram: “Men fast føde er for dei fullvaksne, dei som ved å bruka sansane har øvd dei opp til å skilja mellom godt og vondt.” (Hebr 5:14)

Poenget her er jo nettopp at desse, ved Guds hjelp, gradvis har bygd opp sin moralske person, sin karakter til det punktet at dei “ved å bruka sansane har øvd dei opp til å skilja mellom godt og vondt.” Kor er den store forskjellen mellom dette og Aristoteles? Han poengterte at ein for å læra noko må gjera det. Ein må altså ‘bruka sansane.’

Men poenget, trur eg, ligg i kva syn vi har på Gud — sidan kristen etikk må vera teosentrisk, og ikkje antroposentrisk. Mange ser på Gud som ‘åleinevirkande.’ Eg vil heller sjå på han som ‘allvirkande.’ Han er åleine den som utførar ‘arbeidet,’ men han utførar det gjennom oss. “[Arbeid] på dykkar frelse, skjelvande av ærefrykt,” skriv Paulus. “For det er Gud som er verksam i dykk, så de både vil og gjer det som er etter Guds gode vilje.” (Fil 2:12-13) Dersom vi teosentrerar Aristoteles sin dygdsetikk så er det fint plass til han i teologien. For det er ikkje snakk om vårt eige strev, men Guds verk i oss.

Noter:

[1] Bok 3, kap. 2. Sitert i Ivar Asheim, Øyet og horisonten. Grunnproblemer i aktuell etikkdebatt. Oslo: Universitetsforlaget 1991, s. 106. Omsett til nynorsk.

[2] Asheim, Øyet og horisonten, op. cit., s. 107

[3] Sjå P. Olav Müller SS.CC., “Luther sett med en katolikks øyne.” Foredrag i Ilen menighet, Trondheim, under Lutherjubileet i 1983. (12.10.2008)

[4] Ibid.

[5] Asheim, Øyet og horisonten, op. cit., s. 109

[6] Ibid., s. 110

[7] Etter Det norske bibelselskap si siste omsetjing, NT05.


Tagget med: , , , , ,

Kommentarer

  • Fr Arnfinn Haram sa:

    Dette er sant, men problemet har i mellomtida blitt at Gud er borte; ein prøver å sjå etikken heil a-teologisk, helt sekulært. Mennesket er aktvit, ja, men Gud verkar i-og gjennom mennesket.

  • Kjetil Kringlebotten sa:

    Ja, det er eg einig i. Og det skal seiast at enkelte skolastikarar på Luthers tid hadde gløymt Gud, eller i alle fall plassert han i båsen “unyttig.” Mange av desse var i tillegg svært nominalistiske, t.d. William av Ockham og Gabriel Biel. (Sistnemnde låg vel i kryssingspunktet mellom nominalismen og realismen, mellom Ockham og Scotus.)

    Men min kritikk av Luther er nok hovudsakleg den at han nektar for at det etiske arbeid vi gjer som kristne, som vi gjer i Kristus, ikkje har som mål å endra vår karakter, men berre “går ut på å leve ut det liv som Ånden gir.”

  • Kjetil Kringlebotten sa:

    Og eg ser heller ikkje kvifor det må vera noko motsetnad mellom desse to.

  • Fr Arnfinn Haram sa:

    Nettopp. Eg meiner det er anakronistisk (mis)bruk av Thomas og Augustin å dra deira filosofering om fosteret inn i den moderne abortdebatten (med tilstøytande teamtikkar: evtanasi, genteknologi etc..).

    Når det gjeld ‘kyrkja (den katolske) sitt syn’, må ein ikkje tenkje at ho går god for alle mulege og umulege refleksjonar hos dei teologane ho godkjenner – eller t. o. m. har gjeve ein spesiell plass, som tilfellet er med Thomas (doctor angelicum).. Kyrkja reknar ‘grosso modo’ med at ein klassisk teologs grep er den beste måten å drive teologi på, men ho held fast på sin doktrtine på eit heilt ann grunnlag: på kyrkja si samla mottaking av Openrringa og av den apostoliske overleveringa.

    Filosofien var viktig for Thomas, men når det kom til stykket – i ting som hadde med tru og liv å gjere – var Skrifta avgjerande. NB eg meiner det gjeld ikkje berre for dogma, men og for ‘etikken’. Guds bod avgjorde saka.

  • Are Karlsen sa:

    Kjetil Kringlebotten,

    Du skriver:
    “Men min kritikk av Luther er nok hovudsakleg den at han nektar for at det etiske arbeid vi gjer som kristne, som vi gjer i Kristus, ikkje har som mål å endra vår karakter, men berre “går ut på å leve ut det liv som Ånden gir.””

    Passer ditt syn inn i den metodistiske helliggjørelseslæren?

  • Kjetil Kringlebotten sa:

    Kanskje. Men eg kjenner ikkje nok til den for å svare.

Trackbacks

Ingen trackbacks