Den katolske og apostoliske overleveringa
For nokre dagar sidan skreiv eg eit innlegg om hermeneutikk og kristendom. Dette fekk ein god respons frå ein som kallar seg Trygve, men sidan min neste kommentar vart så lang, har eg valt å poste eit nytt innlegg.
Trygve skriv:
Hermeneutikk er et viktig tema å reflektere over med tanke på å forstå tekster over et tids- og kultur-spenn inn i vår egen “Sitz im Leben”, også kalt vår egen kontekst. Jeg tenker at Kringlebotten har et viktig anliggende når han henter fram Martin Luthers Sola Scriptura. Men jeg opplever det slik at han litt for raskt springer fra Luthers anliggende og over til “kyrkja som “søyle og grunnvoll for sanninga”.
Teksten min var ikkje noko åtak på Luther, men heller på eit åtak på den måten skriftprinsippet hans ofte vert (mis-)brukt i enkelte protestantiske krinsar. Luther klaga over at folk tolka hans prinsipp til at alt no var opp til den enkelte, at alle kunne tolke Bibelen og kristentrua heilt fritt. Argumentet mitt er altså ikkje imot Luther si lære i og for seg, men heller ei påminning om at Sola Scriptura ikkje betyr at den apostoliske og katolske tradisjon skal skrellast bort.[1] Som lutheranarar vedkjenner vi framleis at det er “éi heilag, katolsk og apostolisk kyrkje.”[2] Ergo er Luther sitt omstende nettopp at kyrkja er “søyle og grunnvoll for sanninga,” som Paulus seier det i 1Tim 3:15. Eg nektar ikkje for at Kristus er ‘kjernen og stjerna åt evangeliet,’ men det er viktig å også sjå at Han faktisk stifta ei kyrkje ved apostlane.[3]
Og dette er også viktig i forhold til det Trygve skriv om Heilagandens inspirasjon::
I tillegg til Kristus og den vei som utgår fra hans liv og lære og møte med mennesker, har de troende også fått Den Hellige Ånd som veileder og veiviser til et liv i kjærlighet, sunnhet og sannhet. Gjennom Ånden er Gud fortsatt på ferde i sitt skaperverk og i våre liv, “Gjennom ham (Kristus) har både vi (jøder) og dere (hedninger) adgang til Far i én Ånd” (Efes.2,18).
Eg er einig i at Heilaganden inspirerer og vegleiar den enkelte kristne, men det er også viktig å påpeike at dette ikkje er Hans primære funksjon. Her er det viktig å sjå på den konteksten Kristus gav sitt løfte i. Medan Han hadde sitt siste måltid før krossfestinga, sa Han til læresveinane:
“Enno har eg mykje å seia dykk, men de kan ikkje bera det no. Men når han kjem, Sanningsanden, skal han leia dykk fram til heile sanninga. For han skal ikkje tala av sitt eige, men tala det han høyrer, og fortelja dykk det som skal koma.” (Joh 16:12f)
Eg vil, med bakgrunn i dette, understreke at sjølv om Heilaganden sjølvsagt inspirerer den einskilde kristne, så er denne lovnaden primært til Kyrkja — til samfunnet av dei heilage. Luther skjøna dette, men det er det ikkje alle moderne protestantar som gjer. Kyrkja skal verne om sanninga.
Eg vil understreke at dette ikkje er noko forsvar for Den romersk-katolske kyrkja, men ei påminning om at å vere luthersk faktisk inneberer å vera grunnleggjande katolsk og apostolisk.[4]
Noter:
[1] Uttrykket ‘tradisjon’ kan vere litt kontroversielt, men det latinske ordet tradere (eller formar av dette) er det ordet som i latinske omsetjingar av NT er brukt om den apostoliske overleveringa. (Mellom anna Luk 1:1-2.)
[2] Ein interessant ting er at den apostoliske truvedkjenninga, som er ein av dei eldste vedkjenningane vi har, bruker ein ikkje uttrykket ‘apostolisk,’ men ein bruker ‘katolsk.’ Det betyr ‘ålmenn,’ men det er litt djupare enn det. Arve Brunvoll skriv, i ei fotnote til den truvedkjenninga, at “catholicam, catholicus er eit låneord frå gresk, som er nytta i staden for eit vanleg latinsk ord for «ålmenn» (t.d. universalis), truleg av di catholicus alt då hadde teke til å få ei fast tyding; det målbar ikkje berre dette at Kyrkja er ålmenn, men òg noko om den trua som Kyrkja stod for.” (Vedkjenningsskriftene åt Den norske kyrkja. Ny omsetjing med innleiingar og notar. Oslo: Lunde 1979, s. 19.)
[3] Eg nektar sjølvsagt ikkje for at kyrkja har hatt ein del ‘verdsleg framferd’ oppetter historia, men det gjev meg ikkje rett til å lage mi eiga sanning. (No er det viktig å påpeike at det er medlemmar av kyrkja som har synda, ikkje kyrkja sjølv. Eg er ikkje marxist, så eg trur ikkje at all skuld kan leggast på ‘systemet.’)
[4] Luther gjekk mellom anna imot læra om transsubstansiasjonen. (Eg er ueinig i [delar av] hans kritikk av dette, men det er ikkje poenget her.) Men han gjorde det nettopp fordi han meinte at den gjekk imot den katolske og apostoliske overleveringa, ikkje fordi han mislikte den personleg. (Dette siste ser ut til å ha blitt norma i enkelte kristne forsamlingar.)