NLM som eige kyrkjesamfunn
Denne finst også på Katolikken. (Lettare redigert.)
Vårt Land (VL) melder at no skal visstnok Norsk Luthersk Misjonssamband (Sambandet, NLM) verta eige kyrkjesamfunn. Men korleis skal det gå til? Skal dei framleis halde fram med det dei har gjort, eller skal dei omorganisere alt? Slik eg ser det, så bør dei gjere det siste. I VL-artikkelen står det:
Mot fem stemmer ble et forslag som ligger tett opptil Frelsesarméens modell vedtatt. Misjonssambandet skal registrere et trossamfunn hvor kirkeløse kan melde seg inn og få en kirkerettslig tilhørighet til organisasjonen. Trossamfunnet vil være et tilbud til de som ønsker å melde seg inn, og ikke et krav til misjonsfolket.
Dei skal altså ligga “tett opptil Frelsesarméens modell.” Og kva er denne modellen? Jo, Frelsesarméen er så lågkyrkjeleg som du kan få det. Dei har ikkje sakrament som dåp og nattverd då desse visstnok er ‘splittande stridsspørsmål.’ No skal det påpeikast at NLM har både dåp og nattverd, men spørsmålet mitt er kor stort omfang dette vil få i nyorganiseringa. I denne VL-artikkelen står det at “NLM praktiserer ordningen med «fri nattverd», som ikke er bundet opp til en ordinert prest. Denne ordningen vil fortsette.” I ein diskusjon om dette på debattsidene til VL, seier ‘Teodor’:
Fra et klassisk luthersk synspunkt er nattverd forrettet av lekfolk høyst irregulært på grensen av ugyldig. Et eget samfunn må etter apostolisk skikk etablere et eget preste/pastor-embete av vedvarende karakter. Dette går NLM inn på på misjonsmarken, men driver med “embetsmessig frigang” på hjemmeplan — helt siden Ludvig Hopes dager. (Kjelde)
Og dette siste er svært interessant. Mgr. Roald Nikolai Flemestad skriv litt om dette på bloggen til Den nordisk-katolske kyrkja (DNKK):
Ved møtet i Calmeyergatens misjonshus i 1920 ble det avdekket sterk uenighet mellom Ole Hallesby og Ludvig Hope. Førstnevnte mente at utfordringen fra den fremvoksende liberale teologi var så alvorlig at det ble nødvendig å bryte med statskirkeordningen og danne et nytt kirkesamfunn. Hallesbys analyse kom imidlertid til kort overfor Hopes ønske om “lekmannaslinja”, dvs. friheten til å organisere egne nattverdfeirende fellesskap innenfor statskirkeordningen.
Efterhvert som kirkestriden tiltok gjennom 1920-årene, prøvde Hallesby å heve konfliktnivået ved å kalle til boykott — ikke bare av liberale prester, men også av selve ordningen med menighetsråd. Han tapte imidlertid igjen overfor Hope som mente at man heller skulle takke Gud for statskirkeordningen som gav en slik kontaktflate med folket. “Fåren for kyrkja kjem frå dei kyrkjege”, gjør Hope gjeldende i “Kyrkja og Guds folk” fra 1923 og skriver at en troende prest kan være en støtte fare for kristne arbeidet enn en vantro prest.
Det underliggende uenighet mellom de to “høvdingene i Guds rike” gjelder altså spørsmålet om kirkeordningens betydning for troslivet. Mens Hallesby fremhevet betydningen av det konkrete, hevdet Hope at “gudslivet står over lovparagrafer og regler”. Kirkeordningen er derfor ikke bare et adiaforon, men å ligne med et tomt skall. I 1932 faller så de famøse ord: “Kyrkja er eit stillas me står på mens me held på byggja Jesu Kristi kyrkja.”
Siden 1920 har Kinamisjonen/NLM fulgt Hopes “isolasjonslinje” fra den offisielle kirke med tilsvarende avvisning av dem som med Hallesby ville føre en “konfrontasjonslinje” innenfor kirkeordningen.
Det største problemet med at NLM vert eige kyrkjesamfunn meiner eg ligg i nettopp dette. Vil dei halda fram med Hope-modellen, eller vil dei gå over til Hallesby sin modell? Eg håpar at det vert det siste. Men det ser ikkje slik ut, ettersom at dei held fram med såkalla ‘fri nattverd.’ At dei samstundes vel å kalla seg ‘luthersk’ ser eg på som svært underleg. I CA 7 står det at “det alltid vil verta verande éi heilag kyrkje. Men kyrkja er forsamlinga av dei heilage, der evangeliet vert lært reint og sakramenta forvalta rett.” Og vidare, i CA 14, står det “at i kyrkja bør ingen læra offentleg eller forvalta sakramenta utan at han er retteleg kalla.” Spørsmålet er kva det vil seie å vera ‘retteleg kalla.’ Betyr det å ha eit indre kall? Eller å ha eit ytre kall? I luthersk teologi betyr det å ha begge delar. (‘Fri nattverd’ ser difor ut til å gå imot klassisk luthersk lære.)
Då vil eg avslutte ved å sitere meg sjølv, frå ein kommentar til Fr. Flemestad sitt innlegg:
Det store spørsmålet er sjølvsagt om dei klarar å gjere dette nok sakramentalt. Dersom dei held fram med nattverd maks ein gong i månaden så er dei — i alle fall i mine auge — ikkje eit kyrkjesamfunn. Kyrkja skal samlast rundt ord og sakrament.
All den tid “nattverd” i den tydingi som me ser han praktisert i dag, med eit stykke brød, kjeks eller likande og ein sup saft, vin eller liknande, ikkì er lik sitt evangeliske motstykke – hev det lite å segja.
Og sidan den katolske kyrka korsom er – korkì er eller hev vore ei kristen kyrka nokon som helst gong – kann ikkì dei kritisera noko kriste kyrkesamfund.
Dei kristne (protestantiske) kyrkesamfundi burde helr nytta høvet til å innføra eit ålment kveldsmåltid t.d. kvar veke – der alle et same mat (jfr.- 1Kor 11; “For fyrst so høyrer eg at når de kjem saman i kyrkjelyden, er det usamnad hjå dykk, for ein deil trur eg at so er; 19 for det lyt vera serflokkar hjå dykk, so dei velrøynde kann verta openberre millom dykk. 20 Når de då kjem saman, vert det ikkje Herrens nattverd det et; 21 for når de et, so tek kvar fyrst sin eigen mat, og den eine hungrar, men den andre fyller seg. 22 Hev de då ikkje hus til å eta og drikka i? Eller vanvyrder de Guds kyrkja og vanærar dei som ingen ting hev? Kva skal eg segja til dykk? skal eg rosa dykk? I dette rosar eg dykk ikkje. 23 For eg hev fenge frå Herren det som eg og hev yvergjeve dykk, at Herren Jesus den natti han vart sviken, tok han eit brød, 24 takka og braut det og sa: Dette er min lekam som er for dykk. Gjer dette til minne um meg! 25 Like eins tok han og kalken etter kveldverden og sa: Denne kalken er den nye pakt i mitt blod. So ofte som de drikk av han, so gjer dette til minna um meg! 26 For so ofte som de et dette brødet og drikk denne kalken, so forkynner de Herrens daude, til dess han kjem. 27 Difor, den som et brødet og drikk Herrens kalk uverdigt, han vert skuldig i Herrens lekam og blod. 28 Men kvart menneske prøve seg sjølv, og so ete han av brødet og drikke av kalken! 29 For den som et og drikk, han et og drikk seg sjølv til dom når han ikkje gjer skil på Herrens lekam. 30 Difor er det mange veike og sjuke hjå dykk, og mange sovnar av.”) eller oppmuntra til at alle kristne familiar samlast kvar fredag kveld rundt felles matbord, og et sabbatsmåltid saman. Det er nemleg sabbatsmåltid apostelen Paulus snakkar um, fellesskapsmåltidet – ikkì eit “symbolsk” tullemåltid.
Dette er vel — ikkje overraskande — mange ueinig i, inkludert underteikna.
Sabbatsmåltidet er også jødisk, ikkje kristent. Og Paulus snakkar til greske kristne.
Hvis NLM skal gi seg i kast med å bli eget kirkesamfunn og forrette sakramentene, bør de få en standarisert liturgi og uttale denne riktig. Men akkurat dette kan de forsåvidt gjøre allerede nå…
Kjetil:
Utgangspunktet for denne artikkelen er galt.
Det er ikke slik at NLM skal bli et eget kirkesamfunn. I stedet skal NLM opprette et eget kirkesamfunn (dersom Generalforsamlingen vedtar det).
Bakgrunnen for dette er at noen, særlig i grisgrendte strøk i Hedmark og Oppland, har ønsket en slik løsning. Modellen ligner på hva Frelsesarmeen gjorde i 2005, og i dag har Frelsesarmeen som kirkesamfunn knapt 1.000 medlemmer, altså rundt et par prosent av medlemmene.
Ingar T. Hauge:
At NLM uavhengig av dette forretter sakramenter har vært debattert i mer enn 100 år. Når det gjelder standarisert liturgi, har de en rimelige standarisert liturgi for dåp. Også for nattverd er det etter min erfaring en forholdsvis standarisert liturgi, med et fast innhold og samtidig en frihet innenfor dette (akkurat som det i alle fall i prinsippet er for liturgien i Den norske kirke).
Men at de bør få en liturgi, og uttale denne riktig, hva i all verden mener du med det. De bør i alle fall ikke få denne liturigen fra for eksempel Den norske kirke, det var vel vel i fjor at NLM sluttet å regne seg som en organisasjon i Den norske kirke, og nå ganske enkelt er en evangelisk-luthersk organisasjon.
Og så lurer jeg til sist på hvorfor dette innlegget kommer under vignetten Tro og fornuft. Hva med et innlegg i Ung Teologi i stedet?
Ove: Min irritasjon i forhold til liturgi gjelder nok først og fremst mangelen på standarisering innen NLM. Ja, de har en viss form for liturgi under dåp og nattverd, men jeg sitter likevel igjen med en følelse av at denne ikke er standarisert. Den største frustrasjonen er nok likevel de som roter rent språkmessig og ikke skiller mellom konjunktiv og presens i nattverdsliturgien. Skjønt her har man også forbedret seg i det siste (der jeg holder til i det minste).
Ova, utgangspunktet for artikkelen var kanskje galt. Men kritikken min står ved lag sjølv om dei skal oppretta nytt kyrkjesamfunn. Slik eg ser det, bør det då for all framtid kvitta seg med Hove sin modell (ikkje Hove si forkynning, altså), og bruke den modellen som Hallesby hadde. Hove sin modell har jo vist seg å ikkje virka.
Og, dette er det sikkert ikkje alle som er einige med, men eg meiner at eit kyrkjesamfunn bør — må — ha nattverd kvar søndag. Sidan dette meir enn noko anna er teiknet på det kristne fellesskapet. Og sidan Kristus baud oss om å ha det.