Å kjenna sin eigen vondskap
I høgmessene i Dnk seier ein, i syndsvedkjenninga, at ein “kjenner den vonde hug i hjarta mitt.” Mange har kritisert denne fordi den er sjølvfordømmande.[1] Men i dag vil eg reflektere litt over kor viktig det er å kjenna — og erkjenna — sin eigen vondskap. Og eg vil ta utgangspunkt i Friedrich Dürrenmatt sitt teaterstykke “Der Besuch der alten Dame” frå 1956. (Det kan omsetjast med; “Besøket til den gamle dama.”)[2] Stykket byrjar med at Claire Zachanassian, ei rik kvinne, kjem tilbake til heimbygda si, Güllen. (Den er ikkje plassert i eit konkret land, fordi Dürrenmatt meiner at det som skjer i stykket kunne skjedd kor som helst.)
I bygda bur det mange forskjellige personar, inkludert Alfred Ill, gamlekjærasten til Claire. Og han gjorde noko mot henne som ho aldri har tilgjeve han for; han dumpa ho då ho vart gravid. Når ho då kjem tilbake, så gjev ho bygda eit tilbod. Dei skal få ein milliard (valutaen er ikkje presisert); ein halv milliard til bygda, ein halv milliard fordelt over bebuarane — dersom dei drep Alfred.
Vi kan kanskje seie at Claire liknar på Hitler. Han lova Tyskland ei lovande framtid. Men dette kravde livet til millionar av jødar. Og Claire sitt tilbod, som også lova bygda ei lovande framtid, kosta livet til Alfred Ill. Men det interessante her, er at gjennom å bruke ein så tydeleg ‘Hitler-metafor,’ så får Dürrenmatt fram kven som eigentleg er ‘skurken’ — folket, dei som utfører udåden.
Det Dürrenmatt spør oss, er: Kva er eigentleg livet verd? Er våre humanistiske verdiar og einskildsindividets rettstryggleik til sals, berre prisen er høg nok? Vi kan seie at svaret hans er kynisk, kolsvart og provoserande. Han seier at alt kan kjøpast. Med klar og skarp logikk avdekker han ein øydelagd, kald og kalkulerande moral — både i samfunnet og hjå den einskilde. Han avdekkar meir og meir av tomleiken i humanismeretorikken — spesielt slik den var på 50- og 60-talet. Han openberrar på ein meisterleg måte det kalde, kyniske og kolsvarte i menneskenaturen. Men som sagt så er det mest interessante her at han klarer å fri seg frå ‘Hitlerklisjeen.’
Han framstiller ikkje Claire som nokon god person. Men for Dürrenmatt er det likevel ikkje ho, ‘skurken på toppen,’ som er den verste, men folket, innbyggjarane, einskildmenneska — dei som faktisk utfører udåden. (Poenget er at vi ikkje treng nokon ‘skurk på toppen.’ Vi klarar fint å produsere vondskap utan hjelp.)
Dette kjem endå klarare fram i artikkelen “Theaterprobleme” som Dürrenmatt skreiv i 1955. Der legg Dürrenmatt ut om problema med den klassiske tragedien. Han legg der ut om kvifor denne ikkje passar inn i den moderne verda. Før var makta klar og synleg — med ein ‘skurk’ på toppen. Ein kunne difor bruker klassiske heltar og skurkar. Men dette meiner Dürrenmatt er umogeleg i den moderne verda. (Eg er ikkje heilt einig i dette, men Dürrenmatt har eit godt poeng.) No er makta meir ustrukturert og udefinerbar. ‘Skurken’ er ikkje lenger komplett nødvendig. Dürrenmatt skriv, i “Theaterprobleme,” at folk som Hitler og Stalin har blitt så mektige at dei sjølv ikkje har styring med det lenger. Dei har blitt redusert til tilfeldige, eksterne manifestasjonar av denne usynlege makta.[3] Og dette viser oss at dette er noko som kan skje med kven som helst. Både Hitler og Stalin har ein gong vore små, uskuldige born.
Dürrenmatt beskriv vår moderne verd, vår moderne realitet, på ein klar og god måte. Eit godt døme på denne usynlege makta ser vi i terroren. Der det før var nok å ta seg av leiaren for ein terrororganisasjon, er det no mange forskjellige ‘celler’ som opererer uavhengig av kvarandre.
Men det er nettopp det som er Dürrenmatt sitt poeng. Vi kan ikkje alltid leggje skulda på ‘systemet’ og på den abstrakte figuren ‘der oppe.’ Vi må gå inn i oss sjølve og spørje om kvifor vi gjer det vonde vi gjer. Som eg påpeika oppfor: Det er er folket i Güllen, ikkje Claire, som er ‘skurken.’
Dette vert også utforska av Stig Sæterbakken i essayet “Hitler, en metafor fra Tyskland”:
Det har forlengst blitt en klisje: Hitler som et svart speil holdt opp for menneskeheten, i hvilket menneskeheten ser sine verste trekk, forstørret på det grusomste. Hitler som det moderne sosialdemokratiets Mefisto; selve superskurken i etterkrigstidens store fortelling om det opplyste borgerskaps kamp mot mørkets krefter. (…)
Vladimir Sjirinovskijs triumf i det russiske parlamentsvalget i desember 1993 konfronterte Vesten med en uforutsigbar maktfigur, en potensiell trussel, en latent katastrofe, det vil si: noe man ikke riktig ante rekkevidden av, med andre ord: noe man ikke forsto, med andre ord: noe man fryktet. Stilt overfor dette uforutsigbare, dette uforståelige (og derav truende), tyr man instinktivt til myten, og lar myten etablere oversikt ved hjelp av allegori. Under Gulf-krigen måtte Saddam Hussein bli Hitler for at Vesten skulle kunne begripe ham og lære seg å hate ham. (…)
Torsdag 3. februar 1994 trykket Arbeiderbladet en karikatur av Sjirinovskij, tegnet av Herb, der Sjirinovskij tar av seg masken og avslører at han egentlig er Hitler.
Herb burde ha tegnet det motsatte: Sjirinovskij som får Hitlers maske satt på.[4]
Dürrenmatt avslører denne mekanismen med klar og konsis logikk — og det eit skarve tiår etter Hitlers fall. For problemet er at når vi bruker ‘Hitlerklisjeen’ — når vi, i Sæterbakken sine ord, bruker “Hitler som et svart speil holdt opp for menneskeheten, i hvilket menneskeheten ser sine verste trekk, forstørret på det grusomste” — så har vi ein lei tendens til å gløyme våre eigne synder. “Eg er visst ikkje så verst likevel. Sjå no på Hitler, sjå kva han gjorde.” Hitler skal sjølvsagt dømmast for sine synder. Men det skal også vi, og det må vi ikkje gløyme.
Det er vanleg i mange kristne samanhengar at ein, under syndsvedkjenninga, har med seg ein syndespegel, ei ‘liste’ vi kan krysssjekke for å finne ut korleis vi er. “Har eg vore hjelpsame overfor andre?” “Har eg brukt tid på Gud?” etc. Men Hitler får ofte den motsette funksjon. Han vert eit ‘syndebilete,’ noko vi projiserer våre eigne feil og manglar over på. Og dermed vert vi ikkje meir sjåande — meir opne for eigne feil og eigne evner — men vi vert blinde overfor dette.
Dürrenmatt sin bodskap kan sikkert virke svært dystert og negativt. Og han bruker mange hyperboliske grep i teksten. Men han har rett. Tyskland gjekk, på kort tid, frå å vere das Land der Dichter und Denker, ‘landet åt diktarane og tenkarane,’ til å verta das Land der Richter und Henker, ‘landet åt dommarane og bødlane.’ Og dette må vi aldri gløyme. Som Arnulf Øverland sa det:
“Du må ikke sitte trygt i ditt hjem
og si: Det er sørgelig, stakkars dem!
Du må ikke tåle så inderlig vel
den urett som ikke rammer dig selv!
Jeg roper med siste pust av min stemme:
Du har ikke lov til å gå der og glemme!”
Syndsvedkjenninga, å kjenna ‘den vonde hug i hjarta,’ handlar ikkje om å vere mest mogeleg negativ eller hate seg sjølv. Nei, det handlar om å få eit grep om kven vi verkeleg er — og kva vi faktisk i stand til å gjere.
Noter:
[1] Eg meiner det vert feil. Uttrykket ‘sjølvfordømmande’ har ein negativ klang. Det er sjølvsagt at ein skal dømma seg sjølv i ei syndsvedkjenning. Men det er ikkje for å vera mest mogeleg vond mot seg sjølv, men for å få fram synda sin realitet i livet.
[2] Dette er ei lettare redigering av eit innlegg eg har skrive på den gamle bloggen min.
[3] På tysk (i kontekst) står det:
Aus Hitler und Stalin lassen sich keine Wallensteine mehr machen. Ihre Macht ist so riesenhaft, daß sie selber nur noch zufällige, äußere Ausdrucksformen dieser Macht sind, beliebig zu ersetzen, und das Unglück, das man besonders mit dem ersten und ziemlich mit dem zweiten verbindet, ist zu weitverzweigt, zu verworren, zu grausam, zu mechanisch geworden und oft einfach auch allzu sinnlos.
[4] Stig Sæterbakken, “Hitler, en metafor fra Tyskland.” Det onde øye. Essays. Oslo: Cappelen 2001, s. 81-100 (s. 82-83)
Sjå også:
“Der Besuch der alten Dame.” Artikkel om Der Besuch der alten Dame på tyskspråkleg Wikipedia.
“The Visit.” Artikkel om Der Besuch der alten Dame på engelskspråkleg Wikipedia.
Friedrich Dürrenmatt, Der Besuch Der Alten Dame. Tragische Komodie. Diogenes 2003 (1956)
På bokmål heter det i syndsbekjennelsen: “… og kjenner lysten til det onde i mitt hjerte”. Jeg spekulerer i om noe av grunnen til folks avsmak for syndsbekjennelsen og denne formuleringen kan være at det ikke er slik det oppleves på innsiden: For jeg har ikke lyst til det onde qua ondt, men qua godt; det vil si, det er det som er godt i handlingens mål vi ønsker oss. Men det vi da ikke må misforstå, er at en handling vi utfører for å oppnå et gode, likevel kan være en ond handling (for eksempel ved at den frambringer det gode med onde midler).
Det er svært interessant. For på bokmål var det, fram til 80-talet (viss eg ikkje hugsar feil) ikkje “kjenner lysten til det onde i mitt hjerte,” men “kjenner den onde lyst i mitt hjerte.” Det er ein stor forskjell mellom desse. Og her kjem det vel fram at den nye formuleringa, i tillegg til å vere urealistisk, faktisk også er meir fordømmande enn den gode, gamle.
Den ‘onde lyst’ / ‘vonde hug’ trur eg er meir treffande. Eg kjenner verkeleg at eg har ein vond dragnad i meg, men — som du påpeiker — så er ikkje denne dragnaden at eg vil gjere det vonde qua vondt, men qua godt. Det er vel ikkje så altfor mange som er vonde for vondskapens skuld.
Nettopp. I forlengelsen av dette: Jeg grunner iblant på hvordan vi skal tolke Satans “Evil, be thou my good” i John Miltons “Det tapte paradis” (”Paradise lost”). Kan det samme sies om ham, at han kun ønsker seg det onde på grunn av det gode han finner i det (selvhevdelse på bekostning av Gud)?
Ja, eg trur ingen, djevelen inkludert, er vond for å vera vond. Og det er også av interesse å sjå at alle dei tinga som blir brukt til vondskap i seg sjølv er godt. C.S. Lewis skriv om dette i Mere Christianity:
[*] C.S. Lewis, Mere Christianity. Anniversary edition. HarperCollins 2001, s. 45