Ein person med to naturar
Sidan det er jul — eller Kristmesse — i dag er det vel på sin plass med ein artikkel om inkarnasjonen — eller ikjøtinga som vi også kan kalla det.
Når ein driv med teologi, så opererer ein med utgangspunkt i ei rekke grunnsetjingar, eller aksiom om du vil. I den greina av kristen teologi som handlar om Kristus, kristologien (eig. ‘læra om Kristus’), finn vi nokre viktige aksiom. For det fyrste seier vi at Kristus er sann Gud og sant menneske. Og for det andre seier vi at Han er éin person med to naturar. All kristologisk spekulasjon må halda seg innanfor desse rammene.
Desse aksioma opnar sjølvsagt opp for nokre interessante, og viktige, spørsmål: Kva er ein person? Og kva er ein natur? Og kva vil det seie å vera sann Gud og sant menneske? Desse spørsmåla dannar grunnlaget for heile kristologien, og dei fleste kristologiske avvik har hatt noko å gjere med desse spørsmåla. Eg skal hovudsakleg konsentrere meg person- og naturspørsmåla.
Vi seier som sagt at Kristus er éin person med to naturar. For å få litt grep om dette,[1] må vi sjå på forholdet mellom natur og person. For kva er det som konstituerer ein person? Dersom vi spør filosofen Boethius, så er ein person ein “individuell substans av rasjonell natur.” Og ein natur er “den spesifikke eigenskapen til ein substans.” Det som konstituerer ein person er altså at den er ein rasjonell substans. At ein person er ein substans betyr at personen eksisterar i seg sjølv og at eigenskapane hans eksisterar i substansen. (Menneskenaturen eksisterar i dei einskilde menneskelege personane, og ikkje andre stader.) Her kan W. Norris Clarke vera til hjelp. I fylgje han er ein substans slik at,
(1) it has the aptitude to exist in itself and not as a part of any other being; (2) it is the unifying center of all the various attributes and properties that belong to it at any one moment; (3) if the being persists as the same individual throughout a process of change, it is the substance which is the abiding, unifying center of the being across time; (4) it has an intrinsic dynamic orientation toward self expressive action, toward self communication with others, as the crown of its perfection, as its very raison d’etre…[2]
Men enkelte blir forvirra når eg kallar ein person for ein ‘substans.’ For er ikkje naturen eller vesenet til ein ting ein substans? W. Norris Clarke påpeiker at ein substans “has the aptitude to exist in itself and not as a part of any other being.” Omgrepet substans er breiare enn ‘natur,’ ‘vesen’ eller ‘person.’ Eit vesen er ikkje ein del av eit anna vesen, og ein person er ikkje del av ein annan person. Personen Frank er (metafysisk) uavhengig av, og ikkje identisk til, personen Jakob. Og menneskenaturen er (metafysisk) uavhengig av, og ikkje identisk til, englenaturen.
Aristoteles skilde mellom primære og sekundære substansar. Ein ‘primær substans’ er den konkrete, individuelle tingen, t.d. Frank (ein person). Ein ‘sekundær substans’ er ting som artar,t.d. menneske, og slekter, t.d. levande vesen.[3] Men kva med Sonen eller Ordet? Er Han uavhengig av Faderen og Heilaganden? I brei forstand, nei. Han er ikkje Gud ‘åleine,’ og mange moderne kyrkjesamfunn mister Faderen og Heilaganden av syne. Men i ein streng metafysisk forstand er Sonen uavhengig av dei andre personane i guddomen. Han er ikkje identisk til verken Faderen eller Heilaganden. (Det skal seiast at i motsetnad til menneska, som alle har kvar sin personlege vilje, operasjon og makt, så delar dei guddomlege personane éin vilje, operasjon og makt. Men dette er ein del av naturen, ikkje personen per se.)
Personen eksisterar altså i seg sjølv, og er det ein kan kalle for ‘a property-bearer.’ Og blant desse eigenskapane er naturen sjølv. Den eksisterar i substansen som ein spesifikk eigenskap. Her kan filosofen Dallas Willard vera til hjelp. Han definerar ein natur som “ei samling med grunnleggjande eigenskapar som stafestar kva som er mogeleg for den aktuelle tingen.”[4] Dette kan vidare utvidast ved at vi understrekar at ein natur er ein eigenskap eller ei samling av eigenskapar som høyrer (1) universelt og (2) nødvendigvis til alle medlemmar av ein einskild klasse. Vidare så (3) identifiserer naturen den klassen den høyrer til, og skil den frå andre klassar. Dette synet inneber både eit abstrakt og eit konkret syn på menneskenaturen. (Det vert litt annleis når vi snakkar om Gud.)
I kristologiske diskusjonar er det vanleg å setje eit skilje mellom eit abstrakt og eit konkret syn på menneskenaturen, eller (skapt) natur generelt. Eit abstrakt syn vil seie at menneskenaturen er ein abstrakt eigenskap, eller ei samling av abstrakte eigenskapar. Eit konkret syn vil seie at menneskenaturen er den konkrete kroppen og den konkrete sjela til ein menneskeleg person. (Personen er her ikkje ein del av naturen, men er den substansen som eig den og held den oppe.) Sjølv meiner eg at begge delar er viktige. “Ja, takk, begge delar,” for å sitere Ole Brumm. Brian Leftow skriv:
To be a human being is surely to be a person ‘owning’ a human soul, mind and will. If this is right, the someone acquires the property of being human only if that person comes to ‘own’ the full human endowment: that is, abstract-nature incarnation takes place only if concrete-nature incarnation does. Equally, concrete nature incarnation takes place only if abstract-nature incarnation does: God has not done what he wanted to do by taking on a human natural endowment unless by doing so he comes to exemplify the property of being human.[5]
Med dette i bakhovudet vil eg merke nokre grunnleggjande karakteristikkar av inkarnasjonen. Fyrst vil eg gripa tilbake til Dallas Willard sin definisjon av natur som “ei samling med grunnleggjande eigenskapar som stafestar kva som er mogeleg for den aktuelle tingen.”[6]
Det bør påpeikast at desse eigenskapane inkluderer ein konkret lekam og ei konkret sjel. Dallas Willard bruker faktisk ein blyant — ein heilt konkret, materiell ting — som illustrasjon. Ein blyant må vera rigid, rett, spiss, etc. For ellers ville det ikkje vore ein blyant. Men i menneskets tilfelle handlar det både om konkrete eigenskapar — t.d. det å ha bein og armar og høve til å sansa (sjølv om dette også glir over i det abstrakte) — og abstrakte eigenskapar — t.d. fornuft, intellekt, vilje, etc. (Som har ei viss tilknyting til kroppen.)
I Kristus ser vi at éin person eig og ber både dei menneskelege og dei guddomlege eigenskapane, slik vi kan lese i Den athanasianske truvedkjenninga (Ath.). I fylgje den er Kristus “fullkomen Gud, fullkome menneske, ihopsett av fornuftig sjel og menneskeleg kjøt.” Og vidare kan i lesa at Han er éin, “ikkje ved ei omskaping av guddomen til kjøt, men ved opptakinga av manndomen i Gud, i det heile éin, ikkje ved ei samanblanding av [naturen] men ved einskapen i personen.” (Ath. 30.33-34)[7]
Poenget er at det i Kristus er éit subjekt, ein substans, som eig alle abstrakte og konkrete eigenskapar til to naturar. Ikkje éin natur og to naturar. Eller éin person og to personar. Men éin person og to naturar.
Dette ser vi i Joh 1. Der les vi om Ordet, den andre personen i guddomen. “I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud” står det. “Han var i opphavet hjå Gud. Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til.” (Joh 1:1-3) Og så, i vers 14, kjem det viktige: “Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.” Her ser vi at Ordet, den andre personen i guddomen, tok opp i seg menneskenaturen. Og gjennom denne sameininga får vi “del i guddomleg natur.” (2Pet 1:4, jmf. 2Kor 8:9)
God jul!
Noter:
[1] Det skal seiast at det viktigaste ikkje er å begripa dette, men å gripa det. (Denne distinksjonen kan de lesa litt meir om i artikkelen “Å gjøre Gud gripbar eller begripbar?” av Major Are Eidhamar. (Pacem, 4:1, 2001, s. 65-74.) Lenke til nettutgåve.)
[2] W. Norris Clarke, Explorations in Metaphysics. University of Notre Dame Press 1994, s. 105
[3] Bibelen ser også ut til å halde dette synet. Både dyr og menneske blir kalla for ‘levande vesen,’ ‘levande skapningar’ eller ‘levande sjeler’ (1Mos 1:24, 2:7). Forskjellen, som eg trur er viktig i denne samanhengen, ligg i at mennesket, ulikt dyra, er skapt direkte av Gud, og skapt i Hans bilete (1Mos 1:24-27, 2:7)
[4] Dallas Willard, “What Does It Mean To Be Human?” (9:50-9:58) Foredrag på Ohio State University, 2002. (03.10.2008) På engelsk sa han: “a group of basic properties which determines what is possible for the thing in question.”
[5] Brian Leftow, “A timeless God Incarnate.” I Stephen Davis, Daniel Kendall & Gerald O’Collins (red.), The Incarnation. Oxford University Press 2002, s. 279.
[7] Arve Brunvoll, Vedkjenningsskriftene åt Den norske kyrkja. Ny omsetjing med innleiingar og notar. Oslo: Lunde 1979, s. 30
Hei
Hvordan kan du på den ene side si at du er enig med Brian Leftow som skriver: To be a human being is surely to be a person ‘owning’ a human soul, mind and will. … og samtidig hevde at Kristus er en person som har to naturer. Hvordan kan Kristus (Guds evige Sønn) både være en person og bli en person? Jeg synes at koplingen mellom substansbegrepet og personbegrepet virker spekulativt. Finnes et uttykk i Bibelen som svarer til begrepet person?
Interrogius
Har eg sagt at Kristus “blir ein person”? Og koplinga mellom substansomgrepet og personomgrepet har alltid vore der, det er ikkje noko nytt.
Eg hadde litt dårleg tid når eg skreiv den førre kommentaren. Interrogius, du spør: “Hvordan kan du på den ene side si at du er enig med Brian Leftow som skriver: To be a human being is surely to be a person ‘owning’ a human soul, mind and will. … og samtidig hevde at Kristus er en person som har to naturer.” For eit menneskeleg vesen er ein person som eig ei menneskeleg sjel (og kropp) med forstand, vilje, etc. I dette tilfellet eksisterer personen før, i og med at personen er evig og guddomleg. Det som skjedde var at “Ordet vart menneske,” at han tok opp i seg ein menneskeleg natur, og dermed vart menneske. Men det er framleis berre éin person. Med to naturar. Så eg ser ikkje kor eg er ueinig med Leftow. (I denne samanhengen.)
Hei.
Kjetil: Jeg har problemer med å se dine utlegninger som oppklarende mht til Jesus sin doble gestalt, som menneske og guddom. Dette er i beste forstand tvil-somt.
Jeg ser du belegger det du hevder med sitater fra ulike størrelser. Jaha. Men hvor er belegget i de guddomelige tekstene?
Jeg finner en del av det som skrives på denne bloggen som spekulativt,som tirader av abstraksjoner. Slike intertekstuelle drøftinger har med ditt eget bepre – lett for å ende opp som substans-løse og virkelighetsfjerne.
(Det virker til tider også som om de som skriver tror seg å besitte den underliggende, skjulte sannheten om både Jesus, Gud og andre sentrale kristne begreper og størrelser. Begynner ikke dette å ligne hybris?! Begynner ikke dette å ligne drepende kontroverser?)
Noe om Jesus:
Som Guds sønn måtte Jesus nødvendigvis først og sist ha en klar bevissthet om si rolle og sin plass, sin unikhet og alt det som preger et supranaturelt vesen. Til forskjell fra oss andre. kunne aldri fri seg fra sin egenbevissthet som guddom (i 3-enigheten), kunne han? Logisk sett var det umulig for Jesus å være utelukkende og alene menneske! Et alminnelig menneske kunne ikke gjøre underverk som Jesus.
Jesus måtte gjerne tenke og tro at han “levde som menneske”. Men hvordan kunne han “lide det som millioner led” (Inger Hagerup), når hans utgang slik han så det, var å vende tilbake til sin farfor så og sitte ved hans side til evig tid?
Jesus levde en avgrenset periode på jorda, måtte utholde store lidelser mot slutten. Men han visste hans lidelser ville forsvinne som dugg for sola stilt overfor evigheten….eller?
Det er også påfallende at Jesus på korset ynker seg over at hans far har forlatt ham -. Hvordan skal dette forstås? Samtidig lover han en ene røveren at han skal bli med til Paradiset selvsamme dag. How come?
Noe om mennesket:
Du reiser indirekte et ufattelig viktig spørsmål: HVA ER ET MENNESKE?
Svarene avhenger ikke minst av aksiomer og grunnleggende forestillinger. Den kan hende viktigste forestilling og skille mot ikke-troende. er den om menneskets sjel.
Spørsmålene er da: Hvordan kommer mennesket sjel til mennesket? Gradvis? Ved unnfangelsen?
Kan mennesket tape sin sjel? Sjelne kan åpenbart forderves, og ihht kristen tro fortapes i Gehenna/helvete/intetheten av en eller annen kaliber. Jeg finner dette abstrakt og u-begripelig. Men la dette ligge nå, bare nevnt som et apropos.
Jeg finner det derimot interessant at du skriveri forbindelse med begreper som natur og substans:
“Det bør påpeikast at desse eigenskapane inkluderer ein konkret lekam og ei konkret sjel. Dallas Willard bruker faktisk ein blyant — ein heilt konkret, materiell ting — som illustrasjon. Ein blyant må vera rigid, rett, spiss, etc. For ellers ville det ikkje vore ein blyant. Men i menneskets tilfelle handlar det både om konkrete eigenskapar — t.d. det å ha bein og armar og høve til å sansa (sjølv om dette også glir over i det abstrakte) — og abstrakte eigenskapar — t.d. fornuft, intellekt, vilje, etc. (Som har ei viss tilknyting til kroppen.)”
Glem det søkte eksempelet med blyanten – dette er så absolutt diskutabelt.
Jeg ønsker derimot en inngående konkretisering av og drøfting av begrepet om mennesket: Hva kvalifiserer til å “være menneske”, med alle de rettigheter og det verd det impliserer?
Du kan da ikke mene at dette forutsetter et visst antall lemmer……? Det finnes en lang rekke avarter og utgaver av mennesker, som konsekvens av arv og miljø. En lang rekke umenneskelige lidelser påført av medmennesker villet og ikke-intendert har gang på gang medført sterkt deformerte og ødelagte menneskekropper og hjerner/nervesystem. Det er nok å nevne konsekvensene av kvikksølvkatastrofen i Minamata, Tsjernobyl og av USA sin kjemiske terror i Vietnam, som har påført millioner av mennesker ufattelige lidelser, ikke minst sosial utstøtelse og avskyreaksjoner.
For de fleste mennesker lider under en schizofren blanding av medfølelse og avsky, stilt overfor mennesker med sterke handikap og “annerledeshet”. – Hvorfor er det slik, mon tro?
Og altså: Mennesker som etter Minamata-katastrofen fødes med sterkt ødelagt hjerne, og så og si nesten bare “vegeterer”, er disse fortsatt full-verdige mennesker?
Dersom de ikke er i stand til abstrakte begreper om Gud og tro, kan de fortsatt bli frelst?
Og altså – hvor er sjelen deres da?
Og når disse går inn i evigheten, er det av nåde og ikke-fortjent ?
Gjenoppstår de i så fall i sin jordiske skikkelse og med sine sterkt reduserte “kvaliteter” ?
En tro og en religion som ikke klarer å svare fornuftig på slike spørsmål, har knappest noen overbevisningsevne, er ikke tro-verdige!
Derfor, kort og konsist til slutt: Hva konstituerer et menneske ? Kan mennesket opphøre å “være menneske”?
Bare en liten kommentar nå i det nye året. Koblingen mellom substans og personbegrepet er og har alltid vært problematisk, i alle fall dersom en går i retning av å snakke om en jeg substans. (Det er vel ikke intensjonen i artikkelen ovenfor, så langt jeg kan se) Emmanuel Levinas tangerer problemet i “Fænomenologi og etik” (dansk utgave), der han i en henvisning til Martin Buber taler om “jeget”, (for ham ganske synonymt med personbegrepet): “jeget er ikke en substans for Buber, men en relasjon. Det kan kun eksistere som et jeg , der interesserer seg for et du”.
Den personalistiske filosofi gav i sin tid viktige innspill til forståelse av personbegrepet som kanskje ikke er tilstrekkelig påaktet i vår tid (i alle fall ikke i Norge). Den har likevel hatt stor innflytelse, ikke minst i deler av den dialektiske teologi (eks. Brunner) og i Heideggers filosofi 8altså fra 1920 tallet av).
Personlig tror jeg at den også har ført til avsporinger på flere punkter. Likevel har den viktige bidrag å komme med i forhold til kristen tenkning, nettopp fordi den bidrar til å forstå hva det vil si å være person ved å ta utgangspunkt i relasjonen mellom personer. Bevisstheten om å være person, hva slags person man er osv, skapes av den eksistensielle relasjon til andre personer. Dette gjelder også forholdet til Gud.
Av andre mennesker kan man fordømmes, anerkjennes elskes foraktes osv. Selvsagt blir alt slikt bestemmende for ens eget selvbilde…. I møte med Guds evangelieum får jeg høre at Gud er en person som elsket meg så høyt at han betalte den høyest mulige pris for å eie meg. Han betalte med sitt eget blod ved sin død på Golgata, for å fri meg fradommen over mine synder.
Hva er det bed min person som beveget ham til det? Ingenting utover at jeg er en person som han har skapt. Mine egenskaper er i forhold til hans kun tilfeldige, man eier dem for en tid, men han kan ta dem fra meg. De er kun gaver, som heldigvis ikke bestemmer min verdi – for ham
I kyrkjehistorien har det blitt brukt to greske omgrep om personen; hypostasis og prosopon. Det fyrstnemnde er ‘i slekt med’ det latinske utrykket substantia, ‘det som står under.’ Hypostatis-omgrepet fortel oss altså at personen er ein substans i den meininga at personen er fri, at personen ikkje er ein del av andre personar, etc. (Personen er metafysisk sett fri, det betyr sjølvsagt ikkje at personen er heilt uavhengig av andre.) Det andre omgrepet, prosopon, betyr eigentleg ‘fjes’ eller ‘maske.’ I denne samanhengen handlar det, som du (Interrogius) påpeiker, om relasjonen. Eg meiner difor at prosopon idiomatisk sett bør omsetjast med ‘framtoning.’
Personomgrepet handlar altså både om det substansielle, om personen som metafysisk fri og ‘uavhengig av andre,’ og det relasjonelle, om personen si ‘framtoning,’ personen sitt andlet. Metafysisk sett er vi ‘uavhengige,’ men i realiteten må vi leve i relasjon. (Men vi kan heller ikkje vere prosopon utan å vera hypostasis. Vi kan ikkje ha ein rasjonell (eller kjærleg) relasjon utan at vi samstundes er metafysisk sett fri.)