Gud, rørsle, omgrepsrealisme og nominalisme
Tidlegare publisert på Katolikken. Her er den lettare redigert.
Her er endå ein tekst som fell inn under kosmologien. Men dette skal ikkje vera ein tekst for å argumentere for/imot gudsbevisa, men heller ein tekst om kva filosofiske grunnsyn som er best for kristentrua.
I mellomalderen gjekk det i lang tid ein diskusjon som har fått navnet ‘universaliestrida.’[1] Spørsmålet som ein diskuterte er om det ålmenne eksisterar i seg sjølv eller om dei berre er namn vi brukar. Striden handlar om forholdet mellom språket og det verkelege, om forholdet mellom det einskilde (lat. partikularia) og det ålmenne (lat. universalia.) Det einskilde er konkrete ting, medan det ålmenne er det som gjeld for alle ting som er av same type, same vesen, same slag.
I denne strida var det hovudsakleg to sider; omgrepsrealistane og nominalistane. Sistnemnde påstod at det ålmenne berre er namn som vi set på visse eigenskapar med like trekk. (Nominalisme kjem av lat. nomen, ‘namn.’) Men omgrepsrealistane meina at det ålmenne — t.d. omgrep som som ‘menneske,’ ‘hund,’ ‘synd,’ etc. — har ei reell eksistens.
For å få eit bakteppe til dette, vil eg sjå litt på Thomas Aquinas sitt fyrste gudsbevis. Mange eg har diskutert med trur at då Aquinas brukte uttrykket motus, ‘rørsle’ (på engelsk omsett til motion), så snakka han om lokal fysisk rørsle. Aquinas brukte uttrykket i det fyrste gudsbeviset for å vise rasjonelle argument for Guds eksistens. Men Aquinas snakka ikkje om lokal rørsle (engelsk, locomotion). Han kunne sjølvsagt bruke noko slikt som døme for å forklara kva han meinte, men det er ei anna sak.
For å forklara kva Aquinas meinte med dette, må vi sjå på to ting, hans værenshierarki og hans bruk av konsepta potens (eller betre; potensialitet) og akt (eller betre; aktualitet). Aquinas sitt værenshieraki ser omlag slik ut:
- Rein akt
- Englar — avgrensa ikkje-kroppslege rasjonelle vesen
- Mennesket — avgrensa kroppslege rasjonelle vesen
- Dyr — avgrensa kroppslege sensitive vesen
- Plantar — avgrensa (ikkje-)kroppslege vegetative vesen
- Døde ting, inkludert fabrikerte (kunstige) ting
- Rein potens
Eg vil ta for meg dette litt meir nedanfor, men fyrst må vi sjå på Aquinas sitt konsept om potens og akt. Aquinas meinte at rørsle (lat. motus) er å redusere noko frå potens til akt. Når du set opp ei rekke med dominobrikker, så har dei eit potensiale til å falla ned på kvarandre for slik å skape ein effekt. Men du må fyrst skubbe den fyrste brikka slik at det skjer. Ein ting som er i potensialitet kan berre komma i akt (bli aktualisert) av noko som sjølv er i akt. Her er det snakk om at eg — som er i akt (rører meg) — får den fyrste brikka til å bli i akt (røre seg), og at den får den neste til å gjere det same, osv. La oss gå vidare.
Når ein ting eksisterar, har han essens og eksistens. Men ikkje-eksisterande ting, slik som einhjørningar og føniksfuglar, kan også, i vår fantasi, ha ein essens (einhjørningessens og føniksessens). Difor meiner Aquinas at essensen står i potensialitet til eksistensen. Men før vi går vidare, må vi ha eit betre grep om kva desse uttrykka — potens og akt — eigentleg betyr. Eg lar Knut Erik Tranøy forklara dette:
Det er ikke lett å finne en adekvat oversettelse for disse to grunnbegrepene, potentia og actus. [Regin Prenter] bruker uttrykkene mulighet og virkelighet, og de antyder i alle fall en meget viktig og vesentlig del av begrepsinnholdet. Jeg tror likevel det er å foretrekke å holde seg til ordene potens og akt for å unngå villedende bibetydninger som andre uttrykk kan ha. (…)
Potens og akt er to grunnleggende værens-former eller værens-måter. Thomas sier om en ting som er, at den er in potentia eller in actu. Å si at en ting er in potentia er å si at den har væren i mulighets form; å si at en ting er in actu er å si at den har væren i virkelighet; og det vil igjen si at de muligheter tingen hadde da den var in potentia, nå — da den er in actu — er aktualisert, virkeliggjort, oppfylt.[2]
Så, når ein ting eksisterar, har den fått aktualisert (evt. realisert) sitt potensiale til å eksistera. Difor, dersom vi seier at rørsle er å bli redusert frå potens til akt, så inkluderer dette skaping, også skaping ut av ingenting — creatio ex hihilo. Aquinas sitt værenshierarki, som eg har vist til oppfor, inkluderer ideen om ein rein potens, sjølv om dette ikkje eigentleg kan eksistera. Sjølvsagt, dersom ein ting sin eksistens (akt) ikkje er aktualisert, så kan den ikkje eksistera. Men den kan ‘eksistera’ som ein idé i Gud. Difor kan Gud, som er rein akt — Hans eksistens er Hans essens — få noko til å ‘røre seg’ Han kan redusere ein ting frå potens til akt, frå ideen (i Guds sinn) til den konkrete eksisterande tingen. Med dette i bakhovudet, så vil eg sitere eit utdrag frå Aquinas sitt fyrste gudsbevis, som dessverre berre finst i engelsk omsetjing:
The first and more manifest way is the argument from motion. It is certain, and evident to our senses, that in the world some things are in motion. Now whatever is in motion is put in motion by another, for nothing can be in motion except it is in potentiality to that towards which it is in motion; whereas a thing moves inasmuch as it is in act. For motion is nothing else than the reduction of something from potentiality to actuality. But nothing can be reduced from potentiality to actuality, except by something in a state of actuality. Thus that which is actually hot, as fire, makes wood, which is potentially hot, to be actually hot, and thereby moves and changes it. Now it is not possible that the same thing should be at once in actuality and potentiality in the same respect, but only in different respects. For what is actually hot cannot simultaneously be potentially hot; but it is simultaneously potentially cold. It is therefore impossible that in the same respect and in the same way a thing should be both mover and moved, i.e. that it should move itself. Therefore, whatever is in motion must be put in motion by another. If that by which it is put in motion be itself put in motion, then this also must needs be put in motion by another, and that by another again. But this cannot go on to infinity, because then there would be no first mover, and, consequently, no other mover; seeing that subsequent movers move only inasmuch as they are put in motion by the first mover; as the staff moves only because it is put in motion by the hand. Therefore it is necessary to arrive at a first mover, put in motion by no other; and this everyone understands to be God.[3]
Tilbake til omgrepsrealismen. Den har fleire sider. Dei to vanlegaste posisjonane innan denne er det som ofte blir kalla ‘ekstrem omgrepsrealisme’ og ‘moderat omgrepsrealisme.moderat omgrepsrealisme.’ Desse vert representert som posisjonane til høvesvis Platon og Aristoteles. Platon meinte at det allmenne har si reelle eksistens i ei slags idealverd, ei ‘idéverd.’ Aristoteles meinte derimot at det allmenne har si eksistens i det einskilde. Min posisjon på dette området er moderat.
Eg er ein omgrepsrealist, men eg trur ikkje at det allmenne eksisterar utanfor det einskilde. Men min posisjon heller kanskje litt mot Platon. Eg trur til dømes at at ideen menneskenatur har ein slags eksistens i Gud, at dei ‘eksisterar’ potensielt i Gud, som er kjelda for alt. Men eg trur ikkje at det er ei slags idéverd ‘der ute’ som innheld menneskenaturen, og at vi på ein eller annan måte tar del i denne. Vi har som menneske alle del i menneskenaturen, det er sant, men den eksisterar i, og berre i, dei einskilde menneska.
Det er også interessant å sjå på skapingssoga i Genesis. Der står det at Gud sa (om dyra): “Jorda skal la alle slag levande skapningar gå fram, fe, kryp og villdyr, kvar etter sitt slag.” (Gen 1:24) Gud delegerte altså til naturen evna til å reprodusere seg. Og husk at uttrykket ‘levande skapningar’ ikkje berre viser til det kroppslege, men også til det sjelelege.[4] Om mennesket står det at Gud “skapte mannen av mold frå marka og bles livsande inn i nasen hans, så mannen vart til ein levande skapning.” (Gen 2:7)
Slik eg forstår teksten, så skaper Gud mennesket (i alle fall sjela) direkte, men det er ikkje slik at Han lar den einskilde personen ta del i ein natur som finst i ei idéverd. Gud gjev personen del i menneskenaturen åleine ut frå seg sjølv. Difor kan vi kanskje seie at eg held meg til ei aristotelisk forståing av dette. Men med eit snev av platonisme der menneskenaturen ikkje har ei eigen eksistens i ei idéverd, men der den likevel finst potensielt som ein idé i Gud. Men dette er eigentleg det motsette a platonismen. For der platonistane seier at eksistensen i den såkalla ‘idéverda’ er det eigentlege, seier eg — med Aristoteles — at vår kroppslege eksistens her — og vidare i himmelen — er den eigentlege eksistensen.
Noter:
[1] Les meir inngåande om dette i svensk wikipedia og Stanford Encyclopedia of Philosophy.
[2] Knut Erik Tranøy, Thomas av Aquino som moralfilosof. Oslo: Universitetsforlaget 1957, s. 54-55. (Når Tranøy viset til Regin Prenter, så er det til boka Thomismen. København: Gads forlag 1953)
[3] Thomas Aquinas; ST 1a, 2.3, corp.
[4] Sjå litt meir om det i denne teksten.
Et spørsmål er om det er så meningsfullt å snakke om kategori sju, ren potens. For er ikke dette ting som ikke eksisterer? Gir det da mening å si at ting som ikke eksisterer, likefullt har en slags eksistens? Hva slags eksistens blir da dette? Har alle ikke-eksisterende ting en eksistens som potens?
Jo, den er med for å “komplettere” lista — og vise at for å eksistere, så må ein ting ha “akt.” Utan “akt” — utan ein eller annan natur, noko som seier kva ein ting er — så kan den tingem heller ikkje eksistere. (Gud er “rein akt” — Hans essens = Hans eksistens.)
Med all mulig respekt, og ydmykhet overfor bedre utdannede og trolig også klokere hoder enn mine: Denne artikkelen har jeg problemer med å forstå. Jeg er veldig for å prøve å strekke meg intellektuelt, men håper likevel http://www.troogfornuft.no ikke beveger seg for mye videre i denne retningen.
Bare en liten vennlig ment tilbakemelding :=P
Hei Svein, takk for ditt synspunkt. Et av poengene med denne bloggen er at det skal være mulighet til å gå ekstra i dybden, potensielt mer enn i noe annet norskspråklig forum på papir eller web. Derfor vil jeg at det skal være plass her for tekster av høy vanskelighetsgrad, slik som Kjetils foreliggende tekst. Videre bør en skribent alltid tilstrebe å forklare vanskelige ting så enkelt det lar seg gjøre (uten å miste nødvendige nyanser), og det hjelper ofte å sette tematikken inn i en aktuell sammenheng – for når leseren ser relevansen for det abstrakte poenget, blir poenget også lettere å gripe.
Hvis du kikker gjennom de 47 tekstene vi har skrevet hittil, vil du se at vi dekker mange temaer, og med varierende vanskelighetsgrad. Håper du finner ting av interesse som gir deg noe å tygge på (mye her er ting som ikke så fort “går ut på dato”) – og at du vil fortsette å lese og kommentere på Tro og fornuft.no!
Helt greit, jeg er veldig fornøyd totalt sett med dette prosjektet, og har lest alt med stor interesse.
Til Kjetil sin opprinnelige artikkel.
Dette svaret er delt i 2.
Du skriv at formålet med denne artikkelen er (å drøfte?) hva som er det beste filosofiske grunnsynet for kristentrua. Posisjonene du omtaler er omgrepsrealister versus nominalister (universaliestriden tilbake til rundt år 1000). Denne striden har knapt nok annet enn en smal filosofisk relevans i dag. Tiden har rett og slett løpt fra slike forestillinger. Til det vet vi altfor mye om realitetene i eksistensen, ikke minst hvordan levende vesener blir til (stikkord: gener). Den allegoriske fremstilingen fra Bibelen om menneskets skapelse skiller seg lite fra samtidige forestillinger, og er da også (unnskyld uttrykket) helt på trynet i forholdet til realiteten, altså at Gud “skapte mannen av mold frå marka og bles livsande inn i nasen hans, så mannen vart til ein levande skapning.” (Gen 2:7) Hæh ???
Jeg finner lite drøfting i det du skriver, du inntar et ståsted uten altfor mange begrunnelser.
Men allerede et utgangpunkt i førmiddelaldersk filosofi får varselsklokkene til å ringe hos meg. En sak er å framstille en historisk strid. Noe ganske annet er å late som innholdet i striden fortsatt ha gyldighet. Derfor lurer jeg litt på hva du Kjetil K ønsker å få fram og hva du konkluderer med som gyldig og relevant i dag. Det er ikke helt lett å forstå det siste avsnittet ditt. Fint om du kan gjøre helt eksplisitt hva du står for. Og dessuten begrunne dette med belegg.
Her siterer jeg deg på dette: ”Gud gjev personen del i menneskenaturen åleine ut frå seg sjølv.”
Hva mener du med dette utsagnet ? Og hva betyr dette i realiteten/praksis ?
Og kan du Kjetil, da forklare hva som skjer under befruktningen av egget der tusenvis av sædceller jakter på den forsvinnende ørlille muligheten for å realisere sitt ”potensiale” –. Er ditt ståsted slik å forstå at den enkelte av oss sin sjel allerede finnes parat (hos Gud) og at den blir styrt og realisert under seksualakten ? I så fall lurer jeg på hva alle de andre sædcellene har å gjøre i dette selskapet ?
Og dersom min eksistens allerede er bestemt, da må jeg være ferdig bestemt og designet og mitt potensiale (gener) for utvikling gitt av Gud. (Resten bestemmes av samfunnsmessige faktorer.) Eller ?
I så fall elimineres tilfeldighetene totalt: Også lysten til seksuelt samvære og selve akten og produksjonen av den forhåndsbestemte sædcellen må være ekstremt nøye planlagt og under kontroll. Logisk sett.
I så fall: Tilfeldighetene må da være absolutt eliminerte, determinasjonen fullkommen og friheten sporløst borte ?
Alternativ forklaring kan være at zygoten er uten sjel og at sjelen blåses inn i denne på ett eller annet tidspunkt, før 12 uke i svangerskapet vil jeg tro. – Men denne forklaringsmåten åpner for nye forklaringsvansker.
Jeg er spent på ditt svar her.
forts følger….
….og her følger fortsettelsen…..paradoksalt nok kommer slutten først opp på bloggen.
Så til hovedsaken:
Historiske strider og historiske personer har begrenset gyldighet i dag. Så også med Thomas Aquinas – han er og forblir en viktig historisk person. Men hvor relevant er hans tenking i dag, og hvordan samsvarer denne tenkingen med moderne viten ? Det INTERESSANTE i dag er å drøfte hvorvidt Aquinas sin tenkning har gyldighet for troen og menneskene i dag. Ene og alene hans begrepsverden og grunnforståelse fremstår i dag som nesten lattervekkende forenklinger. Å ta Aquinas bokstavelig og på alvor ville være å sette det vi vet om mennesker og dyr i dag, mange skritt tilbake.
For forståelsen av Aquinas sin tenkning er det derfor avgjørende og mektig interessant å forstå hvorfor han landet på sine tolkninger og klassifiseringer. Hva han mente å forstå hvorfor. (Også virkningshistorien til thomismen er spennende.)
Jeg savner en obligatorisk innføring i flere helt sentrale begreper hos Aquinas, eller definisjoner, av så som engler, dyr, og hva som karakteriserer hhv. rasjonelle, sensitive og vegetative vesener. Uten slike definisjoner blir det tilnærmet meningsløst å diskutere saklig.
For å konkludere først: I lys av det vi i dag vet om mennesker, dyr og levende vesener står Aquinas sine tolkinger og tankesystem fram som foreldede og i strid med moderne kunnskap. Jeg antar uten videre at Aquinas mente og Kjetil K mener, å utsi noe om virkeligheten, det faktiske værende. Mye av Aquinas sitt tankegods fremstår da i dag som u-fornuftig. Men for alt jeg vet representerte Aquinas i si tid et større tankemessig og progressivt tankesprang.
For så å ta hans 7-delte inndeling, værenshierarkiet. Der spenner Aquinas ut ”alt som er” mellom ”rein akt” (Gud) og ”rein potens”. Hvordan i all verden kom Aquinas frem til en slik klassifisering ? Hva slags belegg og feste annet i eget hode hadde han for denne inndelingen ? Et begrep for dette vil være spekulativ filosofi.
Spekulasjonene i hvordan potens reduseres til akt er fremstår i dag som nettopp det – foreldet filosofisk tankespinn, helt på siden av hva vi i dag VET om materien og levende veseners tilblivelser.
Morten M har allerede spurt om relevansen for pkt 7, ren potens.
Jeg spør om belegget for å tenke eksistensen av engler (men skal ikke dra denne diskusjonen her).
Aquinas sine definisjoner om mennesker og dyr er fortvilende forenklede. Både dyr og mennesker er så mye mer. Det er f.eks. enorme forskjeller på menneskes evne til rasjonalitet (her definert som fornuftstenking). Og forskjellene mellom individer og arter av dyr er enda mye større. Alle disse fordelingene og spredningene følger stamtreet for den historiske utviklingen vi kjenner som evolusjonen (darwinisme). Dyreforskning og urgamle erfaringer med dyr viser i økende grad at dyr har menneskelige egenskaper som dype, sterke følelser av kjærlighet og omsorg, av empati og vilje til å ofre seg for andre.
Forklaringen på disse faktiske forholdene, er ”enkel”: Alt som eksisterer har utviklet seg gjennom millioner (milliarder) av år gjennom prøving og feiling (evolusjonen = genetisk utvikling). De såkalt primitive delene av hjernen ”deler” menneskene med mange dyr. I dypet av menneskene ligger derfor drivkrefter vi deler med høyerestående dyr. Dette åpner positivt nok opp for medfølelse og sterke bånd til dyr; vi kan kjenne oss igjen i dem, i deres reaksjoner, selv om disse selvfølgelig ikke er identisk med menneskers.
Et humanistisk og moderne syn på dyr er derfor at de er våre medskapninger som vi bærer et tyngende ansvar for å omgås og behandle med anstendighet. (Les f.eks. de spennende bøkene til Bergljot Børresen, ikke minst ”Den ensomme apen”.) Med sin klassifisering står Aquinas i fare for å redusere dyrene til ”mehe”. Dette er mer en god nok grunn til å avvise Aquinas sin klassifisering som så og si utdatert og irrelevant for fornuftige diskusjoner om mennesker og dyr sine kår av i dag.
For øvrig – fornuften sitt kardinalkjennemerke er kritisk drøfting. Dette må også gjelde for drøfting av kirkefedrene og alle oss andre. Dersom noen besitter den endelige sannheten, da er det bare å realisere teokratiet eller det religiøse diktaturet, og resten handler om overvåking og straff. En svak parallell i dag kan være dagens Iran.
Jeg savner kritiske drøftinger av thomismen.
Det er mangt å si til fremstillingen som er gitt av den moderat realistiske posisjon. Jeg synes den har mye for seg, og at den er meget godt skrevet. Den realistiske posisjon kan gi utgangspunkt for en korreksjon, ikke minst av visse postmodernistiske oppfatninger. Jeg tenker for eksempel på Focaults benektelse av at det finnes hankjønn og hunkjønn, mann og kvinne.Focaults oppfatninger kan jo sies å være uttrykk for en form for ekstremnominalisme, som fornekter at det kan finnes orden og struktur i tilværelse. En ekstremnominalisme som innbyr til å fjerne de helt grunnleggende merkelapper på tilværelsens forskjellige deler, og erstatte dem med nye. Man behøver ikke lenger tale om kjønn, kanskje trenger man heller ikke å kalle noe for menneske. Man kan sette merkelapper navn og verdi (!) på virkelighet slik man lyster, og (etisk) bryte med enhver skapt orden i tilværelsen…. Kristen virkelighetsopfatning, forankret i Bibelens lære om skapelsen er et alvorlig og nødvendig korrektiv til dette. Gud skape mennesket i sitt bilde og kalte dem mann og kvinne, han gav mann og kvinne navn, han brukte ord og språk i samsvar med den tanke han skapte dem etter. Dermed er det satt et ubrytelig forhold mellom skapelse, ord og virkelighet. Jeg tror at realisme kombinert med Bibelsk skapelestro bidra til å sette våre tanker på rett spor.
(Kommentar av Kjetil Kringlebotten: Eg såg at det var to svært like kommentarar. Så eg sletta den fyrste. (Eg sjekka fyrst om kva som var forskjellen, og så at i den fyrste kommentaren stod det; “…og bryte med enhver skapt orden i tilværelsen…” I den andre kommentaren var det ein liten endring; “…og etisk bryte med enhver skapt orden i tilværelsen…”) Eg la inn ein parantes rundt ordet for å markere forskjellen.)