“For så elska Gud verda…”

Denne har vore publisert før, på Katolikken, men er lettare redigert her.

Eit tema som ofte kjem opp i diskusjonar med ikkje-kristne er kvifor Kristus måtte dø. Og sidan det er langfredag i dag (eller den gode fredagen som det heiter i nokre land), vil eg skrive litt om dette, om Kristi offer.

For ei tid tilbake las eg denne Wikipedia-artikkelen om offer (eng. sacrifice). Der stod det ein del om offer i kristendommen, men eg meiner at den ikkje treff heilt. Artikkelen er heilt grei, men eg meiner den er litt mangelfull. Det står å lese:

In Christian teaching, God became incarnate in Jesus Christ to accomplish the reconciliation of God and humanity, which had separated itself from God through sin… According to the view that has dominated Western theology since early in the 2nd millennium, God’s justice required an atonement for sin from humanity if human beings were to be restored to their place in creation and saved from damnation. However, God knew limited human beings could not make sufficient atonement, for humanity’s offence to God was infinite, so God sent his only Son to become the sacrifice of the everlasting covenant. In Christian theology, this sacrifice replaced the insufficient animal sacrifice of the Old Covenant; Christ the “Lamb of God” replaced the lambs’ sacrifice of the ancient Korban Todah (the Rite of Thanksgiving), chief of which is the Passover in the Mosaic law.

Problemet er at denne er litt generell, og opnar for ei gal tolking av krossofferet — at Gud aktivt straffa sin eigen Son for at vi skulle sleppe unna straffa, slik vi kan lese det i desse orda frå Arnulf Øverland sitt velkjente foredrag “Kristendommen — den tiende landeplage” frå 1933:

Den gode Gud kunde ikke på noen måte tilgi oss, den allmektige Gud kunde heller ikke frelse oss på annen måte enn ved å sende «Den hellige ånd» ned til en jomfru og «bebude» hende, hvorefter hun føder Guds sønn, som blir henrettet, ikke fordi han har gjort noe galt, men for våre synders skyld.

Man kan kalle det å rette baker for smed.

Underlig er det også, at i det øieblikk menneskene i tillegg til sine øvrige synder begår ennu en synd, grovere end alle de andre, nemlig den synd å drepe Guds egen sønn, da kan de få tilgivelse, da er ikke Gud sint lenger.

Men problemet er at dette er langt frå det Bibelen sjølv seier, og det dei klassiske kristne kyrkjene alltid har lært oss. Men dessverre er det nok akkurat dette Øverland har lært som liten. Han skriv jo vidare at dette er “den rene lære, den kristne tro, min barnetro. Jeg har ikke glemt den, den er banket inn i mig med en kjepp, og ingen skal ta den fra mig!” Og eg må seie at eg sjølv har blitt lært dette fleire stader. Men kva seier Bibelen? Jo, den fokuserer på at Kristus er prest og Herrens tenar.

Dette kan vi mellom anna sjå i dei fire songane om Herrens tenar (Jahve Ebed) i Jesaja. (Sjå Jes 42:1-9; 49:1-6; 50:4-11; 52:13-53:12.) Tittelen Jahve Ebed kan — og bør etter mi meining — også omsetjast som ‘Herrens prest.’ Messias er, både i jødedommen og i kristendommen, ein hovudsakleg presteleg tittel, og alle bilete rundt Messias kulminerer i prestetenesta. Faktisk vil eg påstå at alle bilete Bibelen bruker om frelsa kulminerer i, og må forståast på bakgrunn av, prestetenesta — og då spesielt Kristus som øvsteprest.

Og eit av dei bibelstadene som vert sitert desidert mest når ein skal snakke om Kristi liv og virke, spesielt Hans rolle som frelsar, er den fjerde songen om Herrens tenar, Jes 52:13-53:12. Og eit vers som ofte vert sitert, er Jes 53:4: “Sanneleg, våre sjukdomar tok han på seg, og våre pinsler bar han. Vi trudde han var heimsøkt, slegen av Gud og ille plaga.”

Legg merke til ordlyden. Folket trudde at Herrens tenar var “heimsøkt, slegen av Gud og ille plaga.” Men det står ingen plass at Han faktisk var det. Men det mest interessante her, er å sjå på fyrste del av verset, der det står at “våre sjukdomar tok han på seg, og våre pinsler bar han.” For korleis vert dette tolka av Bibelen sjølv? La oss lese Matt 8:16f:

Då det vart kveld, kom dei til han med mange som hadde vonde ånder. Han dreiv ut åndene med eit ord og lækte alle som var sjuke. Slik skulle det oppfyllast, det ordet som er tala gjennom profeten Jesaja: Han tok bort våre plager og bar våre sjukdomar.[1]

Ein tolka altså ikkje denne teksten til at Kristus faktisk aktivt overførte våre synder og vår straff på seg sjølv, slik at Gud kunne drepe Han i staden for oss. Nei, det står at han lækte menneska og dreiv ut vonde ånder. Vi må altså ikkje sjå på Kristi verk som ein reint juridisk transaksjon der ein person vert frikjent fordi ein annan seier at han kan ta straffa hans. Dette ville heller ikkje vore i tråd med Guds rettferd — og eg ville vore einig med Arnulf Øverland at dette ville klart vore å rette bakar for smed.

Poenget er at ikkje at Kristus måtte fordi Gud krev død, men at Han måtte gå gjennom alle delar av den menneskelege erfaring, inkludert døden, for å gjenopprette tilværet. Kristus lækte menneskenaturen innanifrå, og gav oss del i sitt eige liv. Dette er prestetenesta i sin essens. Kristus utførte ikkje sitt oppdrag i staden for oss, men på vegner av oss. Og det er nettopp det Adam opphavleg var sett til. (Det er ein gammal jødisk — og kristen — tradisjon som seier at Adam vart satt til prest for heile skaparverket.)

Vi må altså sjå på Kristi verk som ein sakramental offerhandling der Han — som vår prest, mellommann mellom Gud og menneske — ber menneskenaturen fram som eit heilagt og fullkomme offer, ikkje fordi Gud krev død og fordøming, men fordi Gud ynskjer at vårt fokus fyrst og fremst skal vere på Han, på livet og sanninga.

Forfattaren av Hebrerbrevet tar dette opp i kap. 10, der han siterer Salme 40:7-9 (etter Septuaginta). Han legg orda i Kristi — i Messias sin — munn: “Slaktoffer og offergåve ville du ikkje ha, men ein kropp laga du til meg; ville du ikkje ha, men ein lekam laga du til meg; brennoffer og syndoffer har du inga glede av. Då sa eg: Sjå, her kjem eg for å gjera din vilje, Gud. I bokrullen er det skrive om meg.” (Hebr 10:5-7)

Han skriv så at på grunn av Guds vilje “er vi helga ved at Jesu Kristi kropp vart boren fram som offer éin gong for alle.” (Hebr 10:10) Og denne sakramentale handlinga handlar ikkje om ein juridisk transaksjon, men om at Kristus, ved å vere menneske, gav sin menneskenatur tilbake til Faderen. Når du ofrar til Gud så gjev du ikkje av ditt eige, men du gjev tilbake av det du har fått. Slik presten seier det i offerkollekten (Dnk): “Herre Gud, himmelske Far, di er jorda og det som fyller den. Alt det vi eig, høyrer deg til.” Det er i lys av dette vi må sjå Kristi verk — frå inkarnasjon til død. Han fullførte det som Adam vart sett til, å gje skaparverket, og seg sjølv, tilbake til Faderen i takk og tilbeding. Og offer handlar ikkje om død, men om liv — vi gjev livet til Gud.

Hovudbodskapen i Bibelen er ikkje at Gud krev død, men at Han vil gje oss liv. Det er ikkje at Han vil fordøma oss, men at Han vil frelsa oss. Som Kristus sjølv sa det, i Joh 3:16f: “For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle dømma verda, men for at verda skulle bli frelst ved han.”

Noter:

[1] Ordlyden er litt annleis her, sidan ein i NT bruker den greske GT-omsetjinga Septuaginta (LXX). Men det har ikkje så mykje å seie i denne samanhengen. ‘Pinsler,’ ‘sjukdomar’ og ‘plage’ er relativt synonyme.


Tagget med: , , , ,

Kommentarer

  • Stig sa:

    “Poenget er at ikkje at Kristus måtte fordi Gud krev død, men at Han måtte gå gjennom alle delar av den menneskelege erfaring, inkludert døden”

    Det høres veldig fint ut, men jeg merker en innsigelse reise seg inni meg:

    Hvorfor måtte han da dø på korset?
    Hvis grunnen bare var at han måtte gjennomgå døden, hvorfor ikke leve til han ble en gammel mann, og undervise menneskene i mange år til, for så å dø? Da ville han jo også opplevd det aspektet av den menneskelige erfaringen som alderdom faktisk er.

    Nei, jeg liker det du skriver, men føler du bommer litt på noe viktig.

  • Kjetil Kringlebotten sa:

    Vel, mitt poeng er at det ikkje vare Gud som drap Kristus, det var menneska. Og det var jo nettopp på grunn av undervisinga Han at dei konspirerte mot Han. Sjølvsagt er Hans død viktig, men grunnen til at den er viktig er at vi vert knytt til Kristus i og med Inkarnasjonen, og at vi vert omskapte ved å vera knytt til Han. Og dermed får vi del i Hans liv, død, oppstode og himmelfart.

    “De kjenner vår Herre Jesu Kristi nåde, at han for dykkar skuld vart fattig då han var rik, så de ved hans fattigdom skulle verta rike.” (2Kor 8:9)

    “Eller veit de ikkje at alle vi som vart døypte til Kristus Jesus, vart døypte til døden hans? Vi vart gravlagde med han då vi vart døypte med denne dåpen til døden. Og liksom Kristus vart oppreist frå dei døde ved Faderens veldige kraft, skal vi òg leva eit nytt liv. Har vi vakse saman med Kristus i ein død som er lik hans, skal vi òg vera eitt med han i ei oppstode som er lik hans. Vi veit at vårt gamle menneske vart krossfest med han, for at den lekamen som er under synda, skulle gjerast til inkjes, og vi ikkje lenger træla under synda” (Rom 6:3-6)

    “I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han.” (Ef 2:6)

    Ergo, Gud vart menneske for at vi skulle få “del i guddomleg natur.” Døden var sjølvsagt viktig, men ikkje fordi Gud “straffa” Kristus. (I ortodoks teologi seier ein til og med at Inkarnasjonen også hadde skjedd utan fallet, fordi vår deltaking i den guddomlege naturen er vårt mål, syndige eller ikkje. Og dette får vi del i ved Inkarnasjonen, ved at “Ordet vart menneske.”)

  • Stig sa:

    Interessant.

    Jeg skal gruble litt mer og se om jeg kommer med et nytt svar senere.

  • Kasper sa:

    Jeg har alltid tenkt og blitt lært at forsoningen er som en rettsak, hvor én frivillig tar på seg straffen som en annen skulle hatt. I sitatet du gav fra wikipedia stod det at: “According to the view that has dominated Western theology since early in the 2nd millennium”. Dette er altså en veldig gammel og vanlig oppfatning. Det betyr ikke nødvendigvis at dette synet er korrekt, men det ville vert underlig om man gjennom så lange tider og innom veldig mange kirkesamfunn har hatt samme missforståelsen av noe så vesentlig som korsets betydelse.

    Du viser til Jes 53,4 at vi bare “trodde” at han var slått av Gud. Men var det bare at vi trodde det? Samme kapittel v.6b står det: “Men Herren lot den skyld som lå på oss alle, ramme ham.” Videre i v.10 står det: “Men det behaget Herren å knuse ham (…) Når du gjør hans sjel til et skyldoffer, (…)” Ordet skyldoffer kan vel ikke bety så mye annet enn at han tar på seg vår skyld? Vår skyld ble overført på ham. Det var jo også slik man praktiserte dette med skyldoffer i GT. Man la hånden på et uskyldig dyr og overførte skylden på dyret. Det var ikke godt nok med dyr, men det måtte et bedre offer til. I v.5 blir også ordet “straff” brukt. Det var “straffen” som låg på ham, ikke bare henrettelsen eller døden. Straff innebærer vel skyld, og Kristus hadde ingen skyld om det ikke var vår skyld han tok på seg og bar.

    Dette synet gir mening. I GT ser man hvor sterkt Gud hater synd. Han tålererer det absolutt ikke. Vi ser hvordan han straffet Israelsfolket og enkeltpersoner igjen og igjen pågrunn av synd. Er ikke GT´s Gud den samme Gud som NT´s Gud? Gud har vel ikke forandret seg? Han er fortsatt like hellig og godtar fremdeles ikke synd. Det må straffes. Slik tok altså Jesus Kristus på seg den straffen som vi skulle hatt.

    “Ham som ikke visste av synd, har Gud gjort til synd for oss, for at vi i ham skal bli rettferdige for Gud.” 2.kor 5,21. Også Kol.2,13-14 viser at det var et skyldbrev og at skyldbrevet ble naglet til korset

    Jeg er forvirret. Dette har alltid vert måten jeg har forklart evangeliet på. Om du skal forklare til en ikke-troende person hva evangeliet og frelse er, med bare noen få setninger; hva skulle du da si etter ditt syn?

  • Peder K. Solberg sa:

    Det er mulig at denne diskusjonen fremstiller tilsynelatende motsetninger mellom fortolkninger av forsoningslæren. Eller annerledes sagt: Jeg tror det er en viktig årsak til at flere modeller for forståelsen av denne har levd side om side i kirken, både i øst og vest (her er også motsetningene mer konstruerte enn reelle).

    Det er sant at Gud krever offer. Men det korset dypest sett viser oss er at Gud krever offer av seg selv. Jeg tror ikke egentlig at det du henviser til, Kjetil, om inkarnasjon uavhengig av fallet, har hold i tradisjonell ortodoks teologi, hvis du ikke tillegger at også korshendelsen ville ha skjedd “uansett”. Men derved ser vi også det absurde i ordet “uansett” i denne sammenhengen.

    Korset er ikke noe som skjedde fordi Gud mistet kontrollen og alt gikk galt. Korset er selve Gudsåpenbaringen, det er korset (og oppstandelsen) som tolker inkarnasjonen slik at vi overhode snakker om, og tror på en “inkarnasjon”. Det er på korset Gud viser sitt sanne ansikt, viser hvem han er: Nemlig Kjærligheten som ofrer seg selv.

    At Gud krever offer av mennesket, henger ikke bare sammen med vår synd, men med vår gudlikhet. Fordi Gud er en Gud som ofrer seg i betingelsesløs kjærlighet, henger selve gudbilledlikheten sammen med offeret. Ingen kan bli Gud lik uten å “ta sitt kors opp” ogfølge Kristus. Men ingen blir det heller uten å erkjenne at Kristi offer var nødvendig for min skyld, for å frigjøre meg til sann menneskelighet og sann gudlikhet.

    I den kristne forsoningslæren ligger det “hvelv bakom hvelv” av tilnærminger til noe som vi dypest sett ikke kan forstå, bare gripe i tilbedelse. Å korrigere forklaringsmodeller som blir for dominerende er viktig, men da er det samtidig viktig å ikke forrykke balansen for mye i en annen retning i stedet.

  • Kjetil Kringlebotten sa:

    Du har gode poeng, Peder. Det som er mitt poeng er nok å påpeike at krossen ikkje må sjåast på som ein stad der Faderen tømmer si vreide ut over Sonen, men der Gud gjev seg sjølv for oss, og trekker oss til seg sjølv. “Og når eg blir lyft opp frå jorda, skal eg dra alle til meg.” (Joh 12:32) Eg tenker slik at i inkarnasjonen vert vi, menneska, teke opp i guddomen, og gjennom å knytta oss til Kristus vert vi gjort eitt med Han, og får “del i guddomleg natur.”

    Offer i denne samanhengen ser eg ikkje på som “blodhevn” eller noko slikt, men som at Kristus — som den andre Adam, som det arketypiske mennesket — gjev mennesket — den gåva vi har fått — tilbake til Gud i kjærleik. Slik som presten seier det i offerkollekten (Dnk): “Herre Gud, himmelske Far, di er jorda og det som fyller den. Av ditt eige gjev vi deg attende…” Eller som det heiter i SKG-liturgien[*] (på nynorsk): “Velsigna vere du, Herre, all skapnings Gud. Av din rikdom har vi motteke det brødet/den vinen vi ber fram for deg, ei frukt av jorda/vintreet og av menneska sitt arbeid, som for oss vert livsens brød/frelseskalken…”

    Slik sett meiner eg at krossdøden er ein heilt naturleg del av inkarnasjonen — ja, sjølve kulminasjonen av den! Men ikkje fordi Gud er “blodtørstig,” men fordi det ligg nedfelt i vår menneskenatur at vi skal gje oss sjølv, vår menneskelege natur, attende til Gud — og at Kristus gjer nettopp dette. Vi skal så, i kraft av Hans liv, gje oss sjølve, slik Paulus påpeiker i Rom 12:1f: “Difor legg eg dykk på hjartet, sysken, ved Guds miskunn, at de må bera fram kroppen dykkar som eit levande og heilagt offer, til glede for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. Og innrett dykk ikkje etter denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan dømma om kva som er Guds vilje: det gode, det som er til glede for Gud, det fullkomne.”

    [*] Eg synst SKG-liturgien er betre språkleg sett enn Den katolske kyrkja i Noreg, fordi den vel litt meir poetisk språkbruk. (Eg likar betre “velsigna vere du” enn “velsigna er du.”)

  • Peder K. Solberg sa:

    Jeg er helt enig i alt du skriver her, Kjetil, og også i det som jeg oppfatter som ditt anliggende i den opprinnelige kommentaren. Jeg er altså helt enig i at en ensidig betoning av de juridiske aspektene ved forsoningslæren er problematisk, særlig i de mange forvrengte utgaver av dette som henger seg fast i bildet av en uforsonlig, hevngjerrig og blodtørstig Gud. Men det betyr altså ikke at alle juridiske aspekter som sådan ved forsoningslæren er en Tertulliansk/Augustinsk oppfinnelse slik man av og til kan få inntrykk av i enkelte polemiske sammenhenger. Disse aspektene har opplagt også sterke bibelske røtter.

    Poenget er vel snarere at Gud spiller flere roller i det juridiske bildet, og at han kun fremtrer som en sann og rettferdig dommer (som er en dominerende rolle som tillegges Gud i GT) når alle disse aspektene fremkommer, og når vi legger til at i NT er det Jesus som fremstår som den utøvende dommer – han som selv oppfyller all rettferdighet på korset.

  • Kjetil Kringlebotten sa:

    Ja, det juridiske elementet ligg i at synda vert dømd — at vi vert dømd (og dømmer oss sjølv) — men at vi vert frelste ved at vi knytter oss til Kristus, dør med Han, og står opp att med Han til eit nytt liv, eit liv i truskap og kjærleik, jmf. Gal 5:6; Jak 2:14ff. Problema kjem når ein tolkar det juridiske til at Faderen aktivt tømmer sin vreide ut over Sonen.

    Til det at inkarnasjonen kunne skjedd utan fallet vil eg seie at eg har det hovudsakleg frå Kallistos Ware og frå ein artikkel skrive av ein fransiskar; Kenneth R. Overberg. Han skriv:

    An interpretation that highlights the Incarnation stands beside this dominant view [of atonement as satisfying and appeasing an angry God] with its emphasis on sin. The alternate view is also expressed in Scripture and tradition. Nevertheless, the emphasis on the Word made flesh has remained something of a “minority report,” rarely gaining the same recognition and influence as the atonement view.

    What, briefly, is the heart of this alternate interpretation? It holds that the whole purpose of creation is for the Incarnation, God’s sharing of life and love in an unique and definitive way. God becoming human is not an afterthought, an event to make up for original sin and human sinfulness. Incarnation is God’s first thought, the original design for all creation. The purpose of Jesus’ life is the fulfillment of God’s eternal longing to become human.

    Dette er jo spekulasjon, då vår røyndom faktisk inneheld synd. Og difor er frelsa også frå synd.

  • Kasper sa:

    Kjetil: “Problema kjem når ein tolkar det juridiske til at Faderen aktivt tømmer sin vreide ut over Sonen”. Får jeg da spørre, hvorfor mener du at det er et problem? Og hvordan tolker du de skriftene jeg nevnte i min forrige kommentar?

  • Kjetil Kringlebotten sa:

    I kristen tradisjon seier ein at Kristus tok på seg konsekvensane av synda, men det betyr ikkje at dette er noko Faderen aktivt påfører Sonen. (Fortapinga er heller ikkje Guds aktive straff, men Guds fråver.) Du viser mellom anna Jes 53:6: “Men Herren lét råka han det vi alle var skuld i.” Det står ikkje at Gud sendte dette på Han. Og du viser også til v. 10, og tek fram uttrykket skyldoffer. “Ordet skyldoffer kan vel ikke bety så mye annet enn at han tar på seg vår skyld? Vår skyld ble overført på ham. Det var jo også slik man praktiserte dette med skyldoffer i GT. Man la hånden på et uskyldig dyr og overførte skylden på dyret.” Men det er feil, det var ikkje slik ein praktiserte skuldoffer i GT. Skuldoffera var ikkje “i vår stad.” Det er berre to offer i GT som er “i vår stad.” Det er syndebukken og påskelammet. Syndebukken hadde med synd å gjere, men den var ikkje eit syndoffer. Den vart sendt ut, og vart ikkje aktivt ofra. (Dette kan ein samanlikne med at Sonen vart sendt av Faderen, men ikkje aktivt drepen av Faderen.) Påskelammet handla ikkje om synd, men om død/liv. Det handla om å eta lammet, ha del i lammet. Dette ser viu vidare i Kristus. Han vart slakta, og vi et Han i nattverden, jmf. 1Kor 11:23-26, 10:16f, Joh 6:53ff.

    Kristus bar vår synd, men poenget er at synda ikkje er noko Gud aktivt straffar. Vi ser det best i Kristi rop på krossen: “Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?” (Matt 27:46) Kristus gjekk gjennom dette, og ved å knytta oss til Han får vi del i frelsa og i oppstoda.

    Eg vil også påpeike at Matteus seier at det at han “bar våre sjukdommar” vart oppfylt då Han lækte folk.

  • Kasper sa:

    “I kristen tradisjon seier ein at Kristus tok på seg konsekvensane av synda, men det betyr ikkje at dette er noko Faderen aktivt påfører Sonen.” Er ikke dette det samme som å si at han tok på seg “skylden” som vi skulle hatt (og dermed straffen)? Om konsekvensen av synd ikke er det samme som “skyld”, så forstår jeg ikke helt hva tilgivelse er. Man ber vel ikke om tilgivelse om man ikke er skyldig?

    Det er interessant det du skriver og jeg er ikke sikker i min sak, men er heller ikke overbevist om ditt synspunkt. Skulle gjerne hørt hvordan du tolker verset “Men det behaget Herren å knuse ham” (jes 53,10a)

    Skulle også gjerne hørt hva du tenker om de mange enkelthendelsene i GT hvor Gud aktivt straffer synd. Det virker ikke som at han bare lot ting skje. Dermed ser det ut til at det ligger i hans hellige natur å straffe synd. GT prater også om Herrens vrede.

    “Eg vil også påpeike at Matteus seier at det at han “bar våre sjukdommar” vart oppfylt då Han lækte folk”. Ja det er kanskje en dobbel betydning av dette. 1.Peter 2,24-25 ser også ut til å ha jes 53,5 i tankene. Men her ser vi i v.25 at å bli legt handler om omvendelse og ikke akkurat lege fra fysiske plager.

    Håper du holder ut med mine spørsmål og innvendinger. Jeg ser jo også at dere som kommenterer her, har større kunnskap og forståelse rundt disse ting enn meg, og mine innvendinger er kanskje missforstått i forhold til artikkelen, men håper du vil svare likevell. Det er jo et veldig viktig tema.

    MVH: Kasper

  • Kjetil Kringlebotten sa:

    Ein kort kommentar. Meir seinare.

    “Om konsekvensen av synd ikke er det samme som “skyld”, så forstår jeg ikke helt hva tilgivelse er. Man ber vel ikke om tilgivelse om man ikke er skyldig?”

    Vi må sjå dette i lys av inkarnasjonen. Peter skriv at vi i Kristus får “del i guddomleg natur.” Og dette vart gjort ved at Ordet vart menneske, levde som menneske — i den situasjonen vi er i, som inkluderer liding og død. Ved å knytta oss til Han får vi også del i dette. Vi dør med Han og står opp med Han. Offer betyr ikkje nødvendigvis død, offer betyr at ein gjev seg sjølv. (I denne konkrete situajsonen innebar det død, fordi vårt tilvære inneber nettopp død.)

    …og Kristus ba vel heller aldri om tilgjeving…

Trackbacks

Ingen trackbacks